Vi var så heldige å få besøk av Yimin som er oppvokst i Lanshou, den største byen i Gansu provinsen i Kina. Yimin lærte oss å lage ein rett som var ny for oss, Hong Shao Rou. Hong Shao Rou balanserer krydder, søtt og salt perfekt!

Denne retten tar noko tid å lage (minimum 2 timar), den lukter fantastisk og er absolutt verdt tida!

I oppskrifta er det to typar soyasaus, det går fint å bruke vanleg soyasaus, eller glutenfri, og same mengde. Ettersom eg spiser lavkarbo har eg lagt til tips til alternativ i oppskrifta slik at ein kan lage ein lavkarbo-versjon.

Yimin fortalde at i Kina er det vanleg i oppskrifter å sei “ha i så mykje som du syns det passer retten”, difor er alle mål omtrentlege. Smak deg fram!

Ingrediensar til 4 personar:

  • 1,2 kg svineribbe
  • 3-4 cm skiva fersk ingefær
  • 2-3 skiva vårløk
  • 2 fed finhakka kvitløk
  • 2/3-1 ts five spice krydder
  • 2 ss sukker/brunt sukker (ev 1 ss finesse/1 ss sukrin gold)
  • 1 brokkoli i bukettar
  • 5 ss Light Soy Sauce
  • 1,5 ss Dark Soy Sauce
  • 1,5 ss Oyster Sauce
  • 1 l kokande vatn
  • Sesamfrø
  • Ris/Blomkål

Slik gjer du:

  1. Kutt svineribba i stykke på ca 3×3 cm.
  2. Varm steikepanne med non stick belegg til medium varme og legg kjøttet i. Ingen olje. Vend kjøttet ofte og steik på medium varme til det er bruna på alle sider. Spisepinnar er ein god reiskap til denne jobben, om du har teken. Steikinga tek tid, ca 60-90 minutt.
  3. Legg kjøttet over på ein tallerken. Om det er mykje feitt i panna heller du av litt. Feittet skal berre dekke botnen av steikepanna.
  4. Legg skiva ingefær og halvparten av vårløken i feittet og la det surre litt.
  5. Legg kjøttet tilbake i panna med ingefær og vårløk. Hell over ca 1 l vatn. Vatnet skal nesten dekke kjøttet og vera 1-2 cm frå kanten av steikepanna. Middels varme.
  6. Ha i soyasausane, sukker og five spice krydder. Sett på lokk og la stå i 15-60 minutt. Det kan stå og kose seg lenge under lok. Har du mindre tid lar du det stå 15 min, ta av lokket og skru så varmen litt opp til medium/høg og la sausen reduserast. Når feittet på kjøttet har fått ein geleaktig konsistens (stikk i det med spisepinnen) og sausen bobler seigt er det ferdig. Strø over sesamfrø og vårløk.
  7. Brokkolien skal så vidt i vatn, ca 20 sek. Legg den så i ei panne, wok om du har, i lag med finhakka kvitløk. Ha over oyster sauce og vend den raskt inn på medium/høg varme i eit par minutt.
  8. Server kjøttet med ris og brokkoli. Nyt!

Restane er veldig gode i matpakken dagen etter! Tildømes i ein bao bun? Nam!

Yimin har starta ein blogg, Asian-Youths, på blogspot, der ho vil intervjue ungdom frå heile Asia. Fyrste innlegg er ute og det er deler av eit intervju med aktivist og feminist Yuino Nabuchi. Anbefalt lesing, veldig interessant! Vi håpar på det heile kjem i bokform til slutt!

Yimin!

Du vil kanskje også like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *