Bestos Beste Middag verdens beste

Bestos Beste: Ovnsbakt lam med grønnsaker

Denne retten er inspirert av den greske retten Kleftiko. Fin å lage om du skal ha gjester og har god tid – men ikkje til å bruke på kjøkkenet. Den lagar seg nemleg nesten sjølv!

Ingredienser til 6 personar:

  • 1,5 kg lammekjøtt eigna til steik
  • 1 stor søtpotet
  • 12 poteter
  • 8 gulrøtter
  • 2 heile kvitløk
  • Sitron
  • Oregano
  • Olivenolje
  • Hardangersider (eller grønnsakskraft)
  • Salt og pepper

Slik gjer du:

  1. Ta kjøttet ut i romtemperatur i god tid før det skal steikast.
  2. Sett steikeovnen på 200*.
  3. Ha kjøttet i ei ildfast form. Skvis sitron over kjøttet, vringla over med olivenolje. Strø så over eit lett dryss oregano, salt og pepper. Del 2 heile kvitløk i to og legg oppå kjøttet. Dekk med aluminiumsfolie.
  4. Sett i ovnen i 30 min.
  5. Skru så ned varmen til 150* og steik i 2 timar.
  6. Kutt grønnsakene i store bitar.
  7. Ta ut forma. Legg grønnsakene saman med kjøttet. Aus krafta frå kjøttet over grønnsakene og ha i ein slant sider. Dekk med aluminiumsfolie.
  8. Sett tilbake i ovnen på 150* i 1,5 time – eller til du kjenner at grønnsakene er klare.

Har du tenkt deg ut ein tur kan du ta grønnsakene i forma med kjøttet med ei gong og koma heim til ferdig middag. Grønnsakene blir då blautare, men like gode!

Kleftiko, tjuvens lam, har ei spanande historie som du kan lese HER.

Du vil kanskje også like...