Juicy gresk gatemat!
Den 1. september var det faktisk Gyrosdagen! Heldigvis er det lov å ete gyros når det måtte passe deg. Tradisjonelt vert gyros servert med tynnskåre svin, lam eller okse som blir grilla lag på lag på roterende spidd. Serverast i lefse med tomat, rødløk, tzatsiki og gjerne pommes frites. Vi har hive ut pommes frites og hive inn ruccula i denne oppskrifta.
Ingredienser:
- 3 tomater
- 1 rødløk
- ruccula (eller annan salat)
- Olivenolje og smør til steiking
Lefse ca 6 stk:
- 1,5 dl lunka vatn
- 1,5 ts bakepulver
- 2 ss dl olivenolje
- 75 g gresk yoghurt, tjukk type
- 350 g kveitemjøl
- 1 ts salt
Kjøtt:
- 3 kyllingfiletar
- 1 ts spisskummen
- 2 ts kayennepepper
- 1 ss paprikapulver
- 1 ts salt
- 1 ss grovmalt pepper
- 4 fed kvitløk
- Ein neve frisk oregano
Tzatziki:
- 0,5 agurk
- 2 dl yoghurt
- 2-3 fed kvitløk
- mynte
- 1 ss olivenolje (valfritt)
Slik gjer du:
- Mariner kjøttet:
- Start med skjære opp kjøttet i passelige strimler.
- Bland krydderet godt inn i kjøttet. Det marinerte kjøttet kan godt stå i ein times tid – gjerne lengre.
- Tzatziki :
- Finhakk kvitløk og mynte og bland i yoghurten.
- Rasp agurken. Vi har “juksa litt” her ved å skrape bort frøa i midten av agurken før vi raspa. Ein kan og raspe agurken som den er, men ein må då å sile godt av i eit kjøkkenhandkle før ein blandar den i yoghurten.
- Rør til slutt inn litt olivenolje om du vil.
- Lefse:
- Bland alle ingredienser saman til ein jamn deig, bruk godt med mjøl under deigen og godt med mjøl når du flater ut emnene.
- Steik i tørr teflonpanne eller på takke til lefsene er gylne på begge sider.
- Legg lefsene i ein stabel under eit kjøkkenhåndkle så dei held seg mjuke.
- Steik kjøttet i olivenolje og litt smør.
- Skjær opp rødløk og tomater i skiver.
- Ha alt i lefsa og server! Nam!
Kanskje vil du lage deg ein frappé til dessert?
Fleire greskinspirerte rettar finn du HER.