Bestos Beste Fisk Sjømat

Bestos Beste: Ceviche

Besto slår til igjen med denne lette og deilige cevichen! Perfekt som forrett eller som ein snack.

Såå sååå godt!

Ingredienser til 4 personar:

  • Loin av torsk, lyr eller laks, ca 100 – 150 g
  • Saft av ein lime
  • 1 finskorne vårløk
  • o,5 finhakka rød chili
  • Ei klype flaksalt
  • Litt olivenolje
  • Flatbrød eller endå betre: Odin potetbrød!

Slik gjer du:

Bruk eit fint fiskestykke – gjerne frå rygg – utan skinn og bein.

For å vera på den sikre sida, har stykket vore frose minst 48 timar.

Skjer fisken i mm-tynne skiver. Det er lettast å skjera tynne fine skiver når fisken framleis er litt frosen.

Legg fisken på eit flatt fat og hell limesafta over. 

Sett kaldt ein halv time.

Dryss på litt flaksalt, fine vårløkringar og finhakka chili. Du kan også bruka rødløk og urter.

Ringla til slutt god olivenolje over og server med flatbrød eller potetbrød. Besto anbefaler Odin potetbrød.


Du vil kanskje også like...