Krydra, mettande, friskt og lett i magen! Her er ei stor oppskrift som passer til eit par familiemiddagar. Eller noko å ha i kjøleskapet om du treng enkel middag nokre dagar.
Lag gjerne denne retten kvelden før det skal serverast!
Ingredienser til ein stor batch:
- Smør og olje
- 1 gul paprika
- 1 grønn paprika
- 2 røde chili
- 6-7 fed kvitløk
- 1 gul løk
- 1 ts spisskummen
- 1 ts oregano
- 1 ts røykt paprikakrydder
- 1 ts knuste korianderfrø
- 1 boks knuste tomater
- 0,5 liter grønnsakskraft (ev. oksekraft)
- 1 boks kvite bønner
- 1 boks kidney bønner
- 1 boks rømme
- 1 agurk
- Fajitas lefser – vi liker godt rema1000 sine små.

Slik gjer du:
Hakk opp paprika, chili, kvitløk og løk. Surr dette så i smør og olje. Tilsett krydderet. Ha i tomater og kraft. Kok opp fort og skru ned varmen.
Kok det «tørt» – til det blir ein tjukk graut. Dette tek ca ein times tid. Viktig at ikkje det svir seg, så pass på varmen.
Ha i bønnene til slutt. Vend dei forsiktig inn slik at dei ikkje knusast.
Server i lefse med agurk og rømme. Nydeleg samme dag og endå meir nydeleg oppvarma dagen etter.
