Høst Vegansk Vegetar verdens beste

🎃Gresskar- og søtpotetsuppe!🎃

Gresskar- og søtpotetsuppe med superkomboen ingefær, chili og kvitløk. Ein stor batch med varmande og deilig suppe!

Ingredienser:

  • ca 1 ss solsikkeolje
  • 3 hakka sjalottløk
  • 4 fed hakka kvitløk
  • 1-2 rød skiva chili (meir om du vil ha den hot)
  • 1 ss raspa ingefær
  • 8 dl kraft (kylling eller grønnsakskraft)
  • 3 medium skiva søtpoteter
  • ca 800 gresskarkjøtt
  • 4 dl kokosmjølk (1 boks)
  • Saft frå 1 lime
  • Salt og pepper
  • Topping, til dømes kokosflak, koriander, chiliflak og/eller rista gresskarfrø.

Slik gjer du:

  1. Ha olje i panna og varm den opp. Ha i sjalottløken og fres den over middels varme til den er mjukna.
  2. Hiv i kvitløk, ingefær og chili og la dette frese saman i eit par minutt.
  3. Ha i søtpoteter og gresskarkjøtt. Gresskaret kan du skjæra i terningar eller raspa – om du har laga jackolykt til Halloween.
  4. Hell over krafta og la dette koke til grønnsakene er møre, ca 30 min.
  5. Mos jevnt med stavmixar.
  6. Ha så i kokosmjølk og limesaft.
  7. Smak til med salt og pepper – suppa kan trenge ein del salt.
  8. Server med god topping. Til dømes kokosflak, rista gresskarkjerner, chiliflak og koriander. Server gjerne også med godt brød eller rundstykker. Nyt!

PS! Det ser grådig naist ut med gresskarkjernene oppå suppa, men dei smaker betre ved sida!

Du vil kanskje også like...