Kvede, ein gløymt skatt!

Drinkmaster André serverte i fjor den mest fantastiske likøren vi nokosinne har smakt. Så mykje smak og så annleis alt!

I år fekk vi plukke kvede og har laga likør sjølve. Berre å ha frukta ståande i ei skål på bordet var tidenes luftfriskar. Vidunderleg lukt – har stadig to kveder liggande på bordet berre til å snuse på.

Småildkvede, eller den japanske kvede, er prydbuskar i ein del hagar. Vi håpar å få tak i ildkvede til vår hage til neste sesong. Ønsker du ildkvede er det nok lurt å melde interessa si til hagebutikkar no!

Vi gler oss til raudoransje blomar i mai/juni og små gule “epler” i september/oktober. Dei er ikkje gode å eta som dei er, men ypparleg til tildømes gelé, syltetøy og likør. Vår kjære MissMorocco fortel at i Marokko er det vanleg å bruke kvede i tagine, då gjerne karamelliserte. Kvede er også brukt som smakstilsetning i eplesider med stort hell!

Når ein skal lage likør av kvede er det viktig å få ut kjernane før ein har dei på glas, om ikkje kan det danne seg farleg syre. Enklaste måten er å dele kveden i to horisontalt og skrape ut kjernane med ei skei.

Kvedelikør lagast ved at du har klart:

  • Reine store glas, norgesglas eller liknande.
  • Kvede
  • Vodka, 37-40%
  • Sukker

Framgangsmåten er den same som ved ripslikør. Ha på så mykje frukt/bær som råd, hell på sukker til det er fullt og hell så på sprit til det er fullt. Vend eit par gonger om dagen til sukkeret er løyst seg opp, så ein gong innimellom. Lat stå i minimum 6-8 veker, kan fint stå 4 mnd. Sil av og hell på flaske. Så enkelt er det!

Står kvedelikøren lenge på flaske skiftar farge den frå lys gul til meir brunraud, men den er like god!

Kveden krympar ein del når den er kome på sprit.
Fjorårets likør har endra farge, men er like god!

Du vil kanskje også like...