Vi har laga gresskarsuppe og rista gresskarkjerner og fekk lyst å lære oss å lage meir av gresskar. Vi må jo bruke opp det kjøttet vi har etter carving og slik oppdaga vi gresskarpai!
Gresskarpai smakar litt som pepperkake og den er rik på vitamin A og C, magnesium og kalium, det er det ikkje mange søtsaker som kan skilte med!
Ungane her elsker denne paien og det er blitt vår tradisjon å lage den til Halloween.
Snart er det også Thanksgiving for mange og “Pumpkin Pai” er jo då obligatorisk.
Ingredienser til rund form, 25 cm i diameter:
- Paibunn (ferdig eller du kan lage)
- 1 kg gresskarkjøtt
- 150 g brunt sukker
- 0,5 ts salt
- 0,5 ts malt muskat
- 2 ts kanel
- 1 ts malt ingefær
- 3 egg
- 1 boks vikingmelk/kondensert melk med eller utan søting.
Slik gjer du:
Vi kjøpte ferdig paideig (30 cm). Du kan også lage bunn, oppskrift HER.
Skrell gresskaret og skjer kjøttet i terningar. Damp det mørt. Kjøl ned.
Sett ovnen på 180℃.
Ha paideigen i forma. Dekk kantane med aluminiumsfolie så dei ikkje glir ned under steiking. Prikk bunnen lett med ein gaffel. Steik i 10 minutt, ta av folien og steik i 5-10 min til – til paibunnen er gyllen. Ta den ut av ovnen og la den stå medan du lager fyllet.
Mos gresskarkjøttet til ein klumpefri mos med stavmixer eller i food prosessor.
Ha i alt krydderet, sukkeret, egga og rør til slutt i den kondenserte melka. Rør det godt slik at fyllet framleis er jamnt.
Hell over i den forsteikte paibunnen og sett i ovnen i 45 minutt.
La paien kjøle seg ned før servering, den blir då fast og lett å skjære i kakestykker.
Server gjerne med piska krem.
