Godt som topping på suppe og som både søt og salt snacks!
Ingredienser:
- gresskarkjerner
- olivenolje
- Salt, kanel og chili
- Maldonsalt (om du har)
Slik gjer du:
- Sett ovnen på 180 *. Fordel med varmluftsovn.
- Om du har eit gresskar kan det vera ein møysomleg jobb å skille kjernene fra «pulpen». Eit godt triks er å legge pulpen i vatn. Då vil kjernene flyte opp. Oppdatering: Testa tiktok-trenden med å bruke håndmikser inni gresskaret etter å ha skore av toppen. Det funka overraskande bra. Mykje lettare å skilje pulp og frø!
- Skyll kjernene grundig og tørk dei.
- Vend kjernene i olivenolje. Vi hadde ca 4 dl kjerner og brukte 2 ss olje.
- Ha på det krydderet du ønsker. Vi brukte salt, kanel og chili. Kjør på med krydder! Du kan også lage dei med sukker og kanel om du vil lage ein dessertsnack.
- Sett i ovnen i 20 minutter. Knus over maldonsalt, ev. kvern over litt salt, når dei kjem ut av ovnen og ha dei over på papir. La dei kjøle seg heilt ned og ha dei i lufttett beholder.
- Server som snack eller som topping til t.d. Gresskar- og Søtpotetsuppe.
What happened to Jack?! …