Ein deilig rett i seg sjølv eller som tilbehør. Vi hadde denne til grilla hummar med urtesmør og mørk rom.
Ingredienser til 4 personar:
Til oppskrifta treng du to medium krabbar.
- 350 g risottoris
- 8 dl krabbekraft (kokt på hus og bein)
- Krabbekjøtt fra klørne
- 1 gul løk
- 1 finhakka gulrot
- 2-3 dl tørr kvitvin
- 4 fed kvitløk
- 60 g parmesan i terningar
- 30 g godt salt smør
- Ein god neve finhakka persille
Slik gjer du:
Blank løken i jerngryte. Ha i gulrot og kvitløk. Ha så i risen. Surr dette på medium varme eit par minutt. Hell så i 2/3 av krafta. La dette koke til ein «graut» og spe på med kraft og vin til risen er ferdig. Skal vera litt al dente. Når risen er klar har du i smør, parmesan, persille og krabbekjøttet. Sett dette under lokk på svak varme eit par minutt.
Rør om og server!