Jul Julemat Middag verdens beste

Dansk julemiddag: Fleskestek med Rødkål og Karamelliserte Poteter!

Vi fann ein svinebog i 50%-disken og fann ut vi skulle teste dansk julemiddag. Ryktet fortel at fleskestek er begynt å dukke opp i norske heimar på juleaften. Vi kan forstå kvifor! Dette er eit godt alternativ til den tradisjonelle juleribba. Ingen bein, meir kjøtt og mindre feitt. Og karamelliserte kartofler…

Fleskestek (10 personar)

  • 3 kg nakkekam/svinebog
  • 3 ss grovt salt
  • 4 laurbærblad
  • 5 fed kvitløk
  • 2 rødløk
  • 2 syrlige eple (❤️norske eple❤️)
  • Ein pose svisker
  • Olivenolje
  • Litt sukker
  • Salt og pepper
  1. Sett ovnen på 175℃.
  2. Legg steika med svoren NED i ei stor ildfast form. Ha i vatn til det dekker svoren. Ha 4 laurbærblad i vatnet. La steika stå i ovnen i 45 minutter.
  3. Ta steika ut av ovnen og riss svoren i striper på tvers heilt ned til kjøttet med ca ½ cms mellomrom – unngå å risse i sjølve kjøttet. Dryss svoren med grovt salt. Få saltet godt ned i rissene.
  4. Del rødløken og epla i to. Legg rødløk, eple, svisker og kvitløk i botnen på den ildfaste forma og strø lett over med sukker. Legg steika oppå og dryss fint med salt og pepper Det er viktig at steika ligg så jamnt som mogleg for at svoren skal bli bra.
  5. Sett steika på nederste rille i ovnen. Fortsett på 175 °C og la steika stå i 1½ til 2 timar. Brukast steiketermometer skal kjernetemperaturen være 75 grader.
  6. Om svoren ikkje er sprø, kan ein setje på grillen nokre minutt. Pass godt på!

Heimelaga rødkål:

  • Ein rødkål
  • 2 syrlige eple
  • 1 dl saftkonsentrat, rips/solbær eller liknande
  • 1 dl rødvinseddik
  • 1 ss sukker
  • 100 g ripsgelé, også godt med rognebærgelé!
  • Salt og pepper
  1. Fjern det ytterste laget og skjer kålen i tynne strimler.
  2. Skjer epla i skiver.
  3. Legg kål og eple i ei stor gryte og tilsett saft, eddik og sukker. Når det kokar, skru varmen ned. La kålen småkoke i 45 minutt. Rør inn ripsgeléen/rognebæregelé og smak til med salt og pepper.

PSST! Denne blir ekstra god om du lagar den dagen før. Serverast varm.

Karamelliserte poteter:

  • 2 kg kokte og skrelte poteter (viktig med kokefaste poteter!)
  • 170 g sukker
  • 50 g smør
  1. Fordel sukkeret jamnt utover i ei kald steikepanne.
  2. La sukkeret smelte utan omrøring – fyrst i 2 minutt ved høg varme og deretter ved lågare varme.
  3. Tilsett smør og skru opp til høg varme.
  4. Ha potetene i eit dørslag og skyll kaldt vatn over. Legg dei våte potetene i steikepanna.
  5. Brun potetene ved høg varme i 5- 6 minutter. Vend dei forsiktig. Tilsett litt vatn dersom potetene begynner å bli tørre.

Saus:

  • Kjøttkraft, ca 1 dl.
  • Lag ein mjølball av 1 ss smør og mett den med kveitemjøl
  • 0, 5 dl fløte
  • 1ss ripsgele eller liknande
  • Eit par dråper sukkerkulør
  • Valgfritt : brunost
  • Salt og pepper
  1. Kok opp ca 1 d kraft.
  2. Hiv i mjølballen. La dette småkoke noen minutter.
  3. Ha i gelé (eller t.d. tyttebær syltetøy) og om du har, en eller to skiver brunost.
  4. Ha i kraft fra steika og halvparten av løken, sviskene og epla. Bruk stavmikser og kjør det jamnt.
  5. Ha tilslutt i eit par dråpar sukkerkulør og ein støyt fløte (ca 0,5 dl). La småkoke litt og hold varmt før servering. Verdens beste brunsaus!

Server gjerne med friskt syltetøy, t.d. gelé laga av svartsurbær (aronia) eller tyttebær. Denne gongen hadde vi ripsgelè og sterk sennep til. Godt!

Du vil kanskje også like...