Verdensbeste.no
FiskmatMiddagSjømatverdens beste

Brasiliansk Bacalao

Klippfisk er ei fantastisk råvare. Denne brasilianske bacalaoen med chorizo er amazing!

Ingredienser til 4 personer:

  • 500 g klippfisk
  • 4 middels store poteter
  • 1 heil kvitløk
  • 2 paprika rød og gul
  • 1,5 rødløk
  • 150 g kalamata oliven – gjerne i olje
  • 1 pk (200g) Rema ovnsbakte tomater. Du kan også bruke cherry tomater
  • 100 g chorizo
  • 1 rød chili
  • 0,5 olivenolje
  • 3 laurbærblad
  • ei klype salt – ikkje for mykje då fisken er salt
  • 2 ts pepper
  • 5 store tomater
  • heil persilleplante

Hugs at kjøper du klippfisk må den oftast vatnas ut før bruk, følg anvisinga på pakken.

Vil du lære å lage din eigen klippfisk kan du lese korleis erfarne fiskar Kåre Grønsnes gjer det HER.

Slik lagar du brasiliansk bacalao:

Sett ovnen på 225*C.

Varm olje på svak varme. Finkutt halve kvitløken, heile chilien og 3 laurbærblad. Ha dette i olja og la det stå og kose seg i min 30 minutt – gjerne ein time. Pass på at det ikkje svir seg.

Riv fisken opp i passelege biter. Skjær potetene opp i så tynne skiver som du klarer. Skjær rødløk opp i tynne ringer, paprika i staver, del resten av kvitløksfeda i to på langs og del opp oliven. Bland alt dette sammen i ei ildfast form. Finhakk chorizo og kutt opp dei ovnsbakte tomatene og legg dette som eit lag på toppen. Dryss jevnt over med salt og pepper – igjen ikkje for mykje salt!

Hell over den varme olja med kvitløk, chili og laurbærblad.

Sett midt i ovnen i ca 45 min. Når choritzoen smelter saman med fisken gir dette ein heilt fantastisk smak!

Medan det steiker finhakker du tomater og persille. Bland dette godt i hop. Hiv gjerne eit dryss salt og pepper over. Ein enkel og frisk salat.

Vi likar også å servere med godt brød.

Nyt!