Meksikansk Middag Vegetar verdens beste

Vegetar Chipotle med Nachos

Vi feirer vår ny singel og musikkvideo, Kjøttdesigner, med skikkelig comfort food – the good way.

Chipotlekrydder er tørka og røykt jalapeno. Smaken er spicy, røykt og litt søt. Ypperleg til gryter, burrito og betre enn tradisjonell fredagstaco – syns vi.

Heilt nydeleg med ein frisk salsa, guacamole og rømme – og nachos! Nachos har vi laga for seg fordi ein då slepp soggy chips.

Funfact: Den jamne mexicanar spiser ca 7-9 kg jalapeno i løpet av eitt år!

Chipotle 4 pers:

  • 3 tomater i bitar
  • 1 boks plommetomater
  • 1 pk. kvite bønner
  • 1 pk. kidneybønner
  • 1/2 gul løk
  • 1 1/2 rød løk
  • 1 ss chipotle krydder
  • 1 grønn paprika
  • 1 gulrot i terningar
  • 2 kaffirlime blad
  • Salt
  • Pepper
  • Ein dæsj Soyasaus/Balsamico/Kraft
  • Olje/smør til steiking
  • Rømme til servering

Slik gjer du:

Steik tomatene olje/smør (vi steiker med olje og smør!) med salt, pepper og litt av chipotlekrydderet. Ha i løk og surr den panna til den er blank. Ha i gulrot, bokstomater, kaffirlimeblad. På slutten av kokinga, når sausen er nokolunde setla, ha i paprika. Smak til med salt, pepper og chipotle. Skru ned varmen og ha i bønnene. La dei bli gjennomvarme.

Salsa, 4 pers:

  • 500 g tomat
  • 1/2 gul løk
  • 1/2 rød løk
  • 2 vårløk
  • 1 grønn chili
  • 1-2 rød chili
  • 1/4 ts spisskummen
  • 1 ss olivenolje
  • Safta av ein 1/2 lime
  • 1-3 kvitløksfed
  • Koriander
  • Persille
  • Salt og pepper

Slik gjer du:

Kutt alt fint opp og bland godt!

Guacamole, 4 pers:

  • 2 store eller 4 små avokado
  • Sitron eller lime
  • 1-2 fed kvitløk
  • Salt og pepper

Slik gjer du:

Finhakk kvitløken. Mos avokadoen med ein gaffel, eller bruk stavmixar og mos alt saman. Skvis over sitron til slutt, det får guacamolen til å halda seg fresh og lysegrønn – i tillegg til at det smakar godt!

Nachos til 4 pers:

  • 3-400 g tortilla-/nachochips
  • 2oo g ost
  • Olivenolje
  • Nykverna pepper

Sett ovnen på 220 ℃. Ha chipsen i ildfast form. Rasp osten og strø jevnt over chipsen. Vringle litt olivenolje lett over. Vi har ei olivenolje med chili vi likar å bruke. Ha på litt nykverna pepper. Sett i ovnen og steik til osten er smelta og litt cripsy og chipsen er gyllen og fin, ca 10-15 minutt. Server med ein gong.

Du vil kanskje også like...