Supper av god kraft er mettande, full av smak og næring!

Oksehalen er svært næringsrik og mange meiner halen er noko av det beste kjøttet som er. Oksehalen er proppa med kolagen, protein, kalsium og fett. Når kolagen kokast dannast den om til gelatin. Gelatinet gjer at dette kjøttet kan koke i timevis utan å verta tørt. Gelatin skal også vera også anti-inflammatorisk, bra for fordøyelse, hjertet, musklar og ledd, hjarte, hud og hår. Ingen grunn til å kjøpe kolagen i kapslar!

Vi kjøper frosen oksehale hjå vår lokale asiatiske forretning, Bep 250, men ein kan og kjøpe det hjå slaktar eller bestille i ferskvaredisken. Det er rimeleg kjøt.

Oppskrifta er til ein stor batch suppe. Perfekt å lage på søndag varme opp utover veka. Rimeleg luksusmat for kropp og sjel i dagevis!

Ingrediensar thailandsk oksehalesuppe:

  • 1 kg oksehale
  • 2 ss olje (til steiking)
  • 1 hakka løk
  • 5 båter hakka kvitløk
  • 2 thai chili, ev. 3-4 raude chili finhakka (med frø)
  • 1,5 ss sukker/ev 0,5-1 ss finesse
  • 1 stk. stilk, knust sitrongress
  • 1 boks hakka hermetiske tomater
  • 3 ss tomatpuré
  • 1,5 l kjøttbuljong (utblandet) eller kjøttkraft
  • 1 ss frisk ingefær eller galangal
  • 1 stk. grønn squash i strimler
  • 1 sitron (berre safta)
  • 1 lime (berre safta)
  • 1 rød paprika i strimler
  • 2 ss (eller så mykje du vil!) hakka frisk koriander

Eg likar å starte med å kutte opp alt av løk, kvitløk og chili. Knus sitrongresset. Ha alt klart så går det så lett!

Deretter kan ein sette i gang med å lage den fantastiske krafta. Varm olje i ei gryte, brun oksehalane godt. Ta dei så ut av gryta og over på eit fat.

Fres løk, hvitløk og chili i olja, ikkje svi dei!

Ha i hakka tomater, tomatpuré og buljong/kraft saman med lime-, sitronsaft, sukker og det knuste sitrongresset.

Ta så oksehalane tilbake i gryta og la dette stå å putre til kjøttet løyser frå beinet. Ca 2,5-3 timar.

Mot slutten kan du skjære opp squash, ingefær og paprika.

Sett krafta til side og la den kjøle seg litt før du fjerner beina. Skjer eller plukk kjøtet av beina. Ta sitrongress ut av krafta.

Ha så kjøttet tilbake i krafta. Tilsett paprika, squash og galangalrot/ingefær. Her kan du sjølvsagt erstatte med ulike grønnsaker.

Vips er det suppe! 😄

La suppa småkoke i 15-20 minutter. Tilsett hakka koriander, så mykje du vil ha, rett før servering.

Inviter familie og venner eller nyt suppa i fleire omgangar i løpet av veka!

Du vil kanskje også like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *