Tida er inn for å hauste makrell!
Astrid Grønsnes er grekofil og har delt si gode oppskrift på steikt makrell – slik den kunne vore servert i Hellas.
Tilbehøret er skordalia – potetmos med kvitløk og sitron. Skordalia er ein gresk meze-rett som også er nydelig god til steikt mat. Og gresk rødbetsalat med balsamico og olivenolje.
Makrell med gresk vri:
Du treng: makrell, smør, olivenolje, salt, sitronpepper og finhakka grasløk.
Fileter makrellane.
Steik dei i ei blanding av olivenolje og smør og dryss på litt salt, sitronpepper til dei er gyllenbrune og skinnet er sprøtt. Heilt enkelt.
Skordalia til 4 personar:
- 1 kg poteter
- 3-4 fed kvitløk
- 3-4 ss olivenolje
- Saft av ein liten sitron
- Ei klype salt
- Ei klype kvit pepper
Slik gjer du:
Skrell potetene og ha dei i ein kjele og dekk med vatn. Kok dei – utan salt!
Ta vare på kokevatnet og spe med dette medan du mosar potetene. Konsistensen skal vera litt meir blaut enn vår tradisjonelle norske potetmos.
Ha i litt finpressa kvitlauk, olivenolje og saft av sitron. Smak deg fram med salt og pepper. Server med ein oliven på toppen!
Gresk Røbetsalat
Du treng: Rødbeter, olivenolje, balsamico, flaksalt og persille.
Rødbetsalat er mykje brukt i gresk kosthald. Blir servert lunka eller kald.
Kok rødbetane med skall, koketid omlag som poteter.
Kjøl dei ned i rennande kaldt vatn medan du «vrir» skalet av med fingrane – bruk kniv på skal som ikkje lar seg løysa.
Skjer rødbetane i skiver på 7-8 mm og fordel dei utover eit fat.
Til slutt heller du litt olivenolje og balsamico på skivene, strør på litt flaksalt og hakka persille – og serverer.
Vel bekomme!