Norske syrlege eple er fantastiske til mykje, også syltetøy! I år vart alle epla våre skadd av ei haglbyge og var dermed ikkje noko å putte i matpakken.

Eplesyltetøy kan lagast på ulike vis. Vi har laga eplesyltetøy med sitron og ingefær og eit batch med vanilje. Ingefær og chili blir og knusegodt.

Skadde eple er framleis gode!

Ingrediensar:

Eple og vanilje

  • 1 kg norske syrlege eple i passelege bitar
  • 1 dl vatn
  • 2 dl sukker/sukrin
  • Vaniljestong eller ekte vaniljepulver

Eple, sitron og ingefær

  • 1 kg eple
  • 1 dl vatn
  • 1 medium sitron, skall og saft
  • 50g ingefær
  • 2 dl sukker/ sukrin
  • Chili om du vil

Slik gjer du:

Så enkelt er det: Kutt epla i bitar. Ha i ei panne. Hell over vatn og sukrin. Kok til det er mørt og mos med stavmiksar. Ha på reine glas med tette lokk og oppbevar kaldt og mørkt.

Om du vil lage hot eplesyltetøy skreller du ingefær og kuttar den i små bitar. Vask sitron og rasp litt av skalet i panna, skvis ut safta og hell over.

Dette er så godt til ost, eit friskt syltetøy til lappar (lavkarbo eller vanleg) , vafler eller på skiva!

Nylaga eplesyltetøy med sitron og ingefær på lavkarbo-lappar.

Du vil kanskje også like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *