Norske eple er fantastiske og lukta av eplekake er kanskje det beste med hausten.
Eplekake fungerer godt om ein et lavkarbo/smartkarbo. Ein favoritt! Denne oppskrifta er enkel – om ein har ingrediensane i hus. Røra kan også brukast til andre bær og frukter.
Ingrediensar:
- 115 gram smør
- 4 egg
- 70 g Finesse
- 90 g mandelmel
- 40 g havrefiber
- 1/3 ts ekte vaniljepulver ev 1 ts vaniljekstrakt
- 2 ts bakepulver (med litt topp)
- 1/4 ts xhantangum
- 2 litt sure norske eple, medium storleik.
- Kanel og finesse til å strø over, hakka mandlar er også godt.
Slik gjer du:
Sett ovnen på 175 grader.
Skrell eple og skjær i båtar. Eg likar å skjære tynne båtar og trykke dei ned i heile kaka. Då blir kaka mykje saftigare enn om ein berre pyntar med dei på toppen.
Smelt smør på lav varme.
Bland saman alt det tørre.
Miks saman egg og ha i smør litt og litt, viktig at smøret ikkje er for varmt.
Ha denne egg/smør-blandinga i det tørre. Pisk/tør til en jevn røre. Den er ganske tjukk.
Hell røra over i ei 20-22 cm springform. Mest praktisk med bakepapir i forma. Og legg epla i/oppå. Dryss over kanel og Finesse, ev eit lite dryss perlesukker om du toler det i din diett.
Steik i omlag 25 min.
Server gjerne med piska krem attåt. Nam!
Ps! Vil du lage eplekake slik mi bestemor Borghild laga den er det oppskrift her, ei klassisk og nydeleg eplekake frå Hardanger.
Ein deilig eplemos å ha utover vinteren er også digg, eller kanskje du vil sette din eigen eplesider?
Berre å nytte på medan eplesesongen er her!
🍎🍏