Spinatsuppe er billig, digg og sunt! Spinat er proppa av viktige næringsstoff og er ei god kilde til protein og fiber. Godt for magen og du blir mett!Spinat, løk, kvitløk og feta er ein nydelig smakskombo. Server med egg og skikkelig grovt brød med smør.
Ingrediensar til 3 personar
- 450 g frosen spinat
- 3 store fed kvitløk
- 1 ss smør
- 1 stor gul løk
- 7 dl vatn
- 2 terningar kyllingbuljong/grønsaksbuljong
- 2 dl fløte
- 0,5-1 blokk apetina feta (eller 100-200 g anna fetaost)
- Kokte egg
- Grove skiver
Slik gjer du:
Start med å koke egg i 8-10 minutt. Avkjøl i kaldt vatn og ta av skallet og del opp.
Kutt løk og kvitløk, treng ikkje vera så finchoppa alt skal stavmiksast.
Surr løk og kvitløk i smør på middels varme nokre minutt. Til løken blir blank.
Ha i vatn og buljong. Varm opp til kokepunktet.
Ha i spinat. Har du tint spinaten kan du bare blande det godt. Skal den tine skrur du ned varmen og lar det stå til spinaten er tint.
Smuldre i fetaost.
Stavmiks alt saman.
Hell i fløte og rør.
Smak til med salt og pepper.
Server med egg og gjerne grovt brød med godt smør.
Eg bakar (om det kan kallast baking) gjerne sukrin sitt fiberbrød til denne suppa, lavkarbo og supergodt! Fiberbrød med Kviteseidsmør er ein sikker vinnar til denne suppa.
Vil du lage meir mat med feta og spinat anbefaler vi å prøve Tiropsomo eller Spanakopita! Nam!