Omlag på dagen 22 år etter at vi møttest utanfor Garage skal vi stå i Kolimbari og fylle bilen vår med 200 liter olivenolje. Om alt går etter planen..
Skroll ned til reisebreva og følg oss på turen!
Vi skal kjøre frå Bergen til Kreta og attende i ein eldre Pajero. Fingrane kryssa for at bilen klarar turen – og litt til. Målet er å gjera verdensbeste.no til nettbutikk og med dette få til eit familieeventyr!
Fylle livet og fylle bilen.
Det er begrensa plass og vi må pakke lett for å kunne laste bilen med varer. Heile familien, Lila, Gaute og born på 11 og 17 år reiser, og vi skal vere borte i 5 veker.
På Kreta har vi avtale med produsenten Edia som har ein fin butikk i Kolimbari. Dei har vunne pris etter pris for -24/25 olivenoljene sine. Så langt i år har dei hausta 13(!) prisar frå London, Berlin, Thessaloniki og Athen Awards. Vi er stolte over samarbeidet og gler oss til å helse på dei!



Om du er nyfiken, kan du alt no sjå og lese om to av produkta vi skal selge HER.
På bilferie gjennom Europa med barn kan det vera greitt å ha planlagt kjøreruta og bestilt nokre overnattingar. Vi har bestilt overnattingar for dei fyrste fire vekene. Det er litt risikabelt ettersom framdriftsplanen ikkje alltid går som håpa, men vi har teke sjansen.
Hotell- og husværeformidling som leiger ut på stole land er uaktuelt å benytte. Vi har planlagt ved bruk av Hotels.com, agriturismo.net og avtalt direkte med hotell og tavernaer. Dette vert ofte billegare er vår erfaring.
Det fine Europa-kartet på toppen er frå plakatbar.no . Det har vi putta i ramme med pleksiglass og vi tar med tavletusj slik at vi kan merke av kor vi er og kor vi skal. Kartet har fine teikningar med ulike landemerke og ting landa er kjent for. Gode samtalestartarar.
Både å strekke beina og kviletid er viktig undervegs. Har du tips til opplevingar eller fine stader å stoppe langs motorvegen blir vi veldig glade!
Vi lenker til reiseoppdateringar på ruta under etterkvart som vi kjem dit.
Reisebrev
Danmark: Danskebåt, frukostjakt og Naturlegepark!
Tyskland: Beundring og Bindingsverk!
Østerrike: Sleeping comfortably with the fishes og ny favorittbutikk!
Slovenia og Kroatia: Nasjonaldag og streetfood skuff, dekkskift og vintønne hotell!
Serbia og Nord Makedonia: Nasjonaldag og streetfood skuff, dekkskift og vintønne hotell!
Hellas part 1: Maison Hotel, dekkskift, redningsaksjon? Akropolis Rally og storslått natur!
Hellas part 2 : Solo i Sparta og vi nådde målet, Kreta!
Hellas part 3: Endeleg Edia!
Vi tar oss god tid nedover Hellas og er ei veke i ro på Kreta.
Vi reiser heimover og forlét Hellas med båt frå Patras til Bari. Så kjører vi roleg oppover gjennom
Italia
Frankrike?
Tyskland
Danmark
Og så..?
På vegen håpar vi å finne ulike produkt, kanskje balsamicoeddik frå Modena? Fin keramikk? Produkt i oliventre? Sennep frå Dijon? Vintage-skattar? Tida vil vise. Det er viktig for oss at vi finn kvalitetsprodukt vi kan selge til ein god pris.
Vel heime startar vi opp nettbutikken vår. Då kan du få kjøpe prisvinnande kretisk olivenolje som ikkje er å kjøpe nokon annan stad i Norge.
Håpar du vil følge med!
Vil du tipse oss om noko, send ein mail til kontakt@verdensbeste.no eller ta kontakt på Instagram @verdensbeste.no .