På reisa mot Kreta for å kjøpe olivenolje overnatta vi to netter i Chalkidona, ein liten by utanfor Thessaloniki. Google tilrådde middag på Taverna Foyskotos. Då vi skulle gå den vesle kilometeren bort braut det laus eit voldsomt tordenvær og vi vart ståande i hotell-lobbyen. Der kom vi i prat med Petros som arbeidde på Maison Hotel, (hotellet anbefalast!). Det viste seg at Taverna Foyskotos er drive av hans familie!

Vi tok ut i regnet og vart dyvåte teke varmt i mot. Det var eit kjempemåltid, på alle måtar. Det var så store porsjonar at vi hadde eit godt måltid med heim og. Det åt vi på vegen mot Delfi dagen etter.

Dimitris, Tasoula, foreldra til Petros, stod på kjøkkenet og Antigone servert maten. Fetaosten var heilt fantastisk og vi fekk oppskrifta.

Den vil vi sjølvsagt dele!

Ingrediensar:

  • Ei blokk fetaost, delt i to diagonalt.
  • Kveitemjøl
  • 1 stort egg
  • Sesamfrø
  • Solsikkeolje
  • Honning, ca 1 ss

Slik gjer du:

  1. Pisk egget med ein gaffel.
  2. Ha mjøl, egg og sesamfrø på kvar sine skåler/tallerkenar.
  3. Legg fetaosten i mjølet slik at det dekker godt.
  4. Dypp så heile osten i egg.
  5. Vend osten i sesamfrøa.
  6. Varm nok solsikkeolje til at det dekker heile osten.
  7. Friter fetaosten til den er gylden brun.
  8. Server med ei ss honning drisla over.

Kalí Orexí!

Du vil kanskje også like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Biltur gjennom Europa: Vi hentar olivenolje på Kreta!
Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje. Følg oss på reisa!