Nydeleg lyst lavkarbobrød
Lyst brød treng ikkje vera tomme kalorier. Det kan vera mettande og næringsrikt! Slik lagar du lavkarbo loff som er perfekt til reker og anna. Glutenfritt sjølvsagt.
Ingrediensar
Det våte
- 4 egg (OBS! Les instruks)
- 250 g cottage cheese
- 35 g smør
- 1,5 dl varmt vatn
Det tørre
- 70 g havrefiber
- 30 g pofiber (ev. kokosmel)
- 3 toppa ss fiberhusk
- 1,5 ts bakepulver
- 1,5 ts gjær
- 1 ts sukker/finesse
- 1 ts salt
- Valfritt: Rista sesam-, solsikke- eller valmuefrø til topping.
Slik gjer du:
- Sett ovnen på 200*C.
- Smelt smøret på lav varme.
- Finn fram to skåler, stavmikser, spiseskei, teskei, litermål, eit glas og kjøkkenvekt.
- I den eine skåla har du i alt det våte og kjører det fint med stavmikser. OBS! Knekk siste egget i glaset og vare på bittelitt av det til pensling. Så slepp du bruke eit heilt egg på å pensle eitt brød.
- I den andre skåla har du alt det tørre og blander alt forsiktig saman. Det støver ein del, eg pleier venda det med ei spiseskei eller liknande.
- Hell det våte over det tørre og kna det godt i hop.
- Form til eit brød på bakeark på steikebrettet, pensle over egget du tok vare på og ev strø over frø.
- Steik i 55 minutt. Til det har gyllen farge og kjennast fast ut.
- Avkjøl på rist og oppbevar i kjøleskapet.

Dette brødet er nydeleg med pålegg, til reker, til å dyppe i olivenolje (med ei klype salt) eller til f.eks burrata-dip.
NYT!

