Ei nærande og god kyllingsuppe med ei kjensle av luksus!
To oppskrifter i ei: Vi brukar å laga sprøsteikt sitronkylling, det er Kylling à la Mădălina – men med meir olivenolje og ei heil sitron i staden for vatn. Knusegodt! Krafta er så god at den også er perfekt base for ei nærande kyllingsuppe.
Ingrediensar til 4 personar
- Ca 1 kg kyllinglår
- Olivenolje
- 1 sitron
- Salt & pepper
- 2 sjalottløk
- 3 fedd kvitløk
- Vatn
- 1 dl kvitvin
- 1 rød chili
- 1 grønn paprika
- 3 dl fløte
- Persille og god olivenolje til topping
- Om du vil: Trøffel-krydder
Slik gjer du, steg 1:
1. Start med å sette ovnen på 220*C.
2. Hell godt med olivenolje over kyllinglåra og gni dei inn med salt og pepper.
3. Skvis safta av ei heil sitron, hell over kyllingen.
4. Sett i ovnen i 10 min. Åpne så og bruk ein gaffel til å stikke hol i skinnet som no er litt stramt på kyllingen. Det skal piple ut kraft.
5. Sett ned til 200*C og steik i 20 min.
6. Skru så opp til 220-250*C til skinnet er gyllent.
7. Ta ut og sett til nedkjøling.
– Her kan du jo òg berre ha noko tilbehør (grønnsaker, ris …) og servere kyllingen som den er. Krafta er nydeleg saus.
Steg 2 – lag suppe!
8. Når nedkjølt: Ta skinnet og kjøttet av beina og legg det kvar for seg. Ta godt vare på krafta!
9. Hakk sjalottløk og kvitløk og surr i olivenolje og smør til den er blank.
10. Legg i kyllingbein, dekk med vatn og hell i 1 dl kvitvin.
11. Kok utan lokk i ca ein time.
12. Ta ut kyllingbeina og stavmiks løk og kvitløk til det er jamnt.
13. Ha i krafta frå ovnskyllingen.
14. Ha i fløte.
15. Finhakk paprika og chili og ha i.
16. Smak til med salt og pepper.
17. Ha i kjøttet og la det stå på lav varme til det er på kokepunktet.
18. Sprøsteik kyllingskinnet i airfryer eller på bakepapir i ovnen på 200 grader til du syns det er sprøtt nok.
Eit tips er å ha i litt trøffelkrydder i suppa, om du har.
Server med persille og ein desj god olivenolje på toppen.
Nyt!

