Vi er så heldige å ha dyktige jegerar i familien og fekk høve til å lage eit festmåltid av rype! Forrett og hovudrett!
Biletet i header er teke av Lotte Sagerud og viser Jo Thiis og hunden Peik på Hardangervidda, nærare bestemt på Svevernuten med utsikt mot Hansbu.
Om du er usikker på ribbing og flåing av rypa, sjå denne videoen til Joakim Pettersen på YouTube.
Legg brysta til sides slik at dei er romtempererte før steiking.
Vi har skrive ned oppskrifta i rekkefølgen vi laga den. Kraft, saus, poteter, forrett og tilslutt hovudretten.
Kraft og saus

Med så flotte råvarer er det viktig å nytte dei så mykje som mogleg. Ei kraft av skroget blir flott base til viltsausen.
(Vil du bruke anna kraft hoppar du berre over denne biten og går til neste steg i oppskrifta.)
Kraft av 10 ryper
- Skrog av ryper
- 6 sjalottløk
- 2 ss einebær
- 1 heil kvitløk
- 5 laurbærblad
- 1 rød chilli
- 5 desiliter raudvin.
- Vatn etter behov
- Smør til surring av løk.
Start med å grille skroga (med hjarte og lever) på kol for å få den gode smaken.
Surr løk og smør i ei gryte og legg dei grilla rypeskroga i.
Ha i raudvin og vatn slik at det dekker skroga.
Tilset einebær, laurbærblad, kvitløk og 1 rød chili.
Kok dette saman til det er kraftig redusert og sil av krafta.
Viltsaus 🔥
- Krafta frå skroga
- 5 dl fløte
- Tørka skogssopp, ev fine skiver av sjampinjong.
- 1 ts balsamico
- Ca ei ss bærgelé/ev sukker/saft
- Salt og pepper
Kok opp kraft og fløte på svak varme og la det tjukne.
Ha i sopp, vi hadde tørka traktkantarellar.
Smak til med salt, pepper, balsamico og en dash bærgelé. Vi brukte rognebærgele.
Bakte poteter på grill / ovn
Ha poteter på ei stålplate og ha på rikeleg med olivenolje og godt flaksalt.
Dekk med folie, sett over grillen eller i ovnen til du kan kjenne at dei er møre.
Forrett: Grilla rypelår i bacon

Det er synd å la noko gå til spille, så vi laga ein liten forrett av rypelår surra i bacon. Her er det lurt å ta bacon som ikkje er så røykt og i fine skiver. Er jo ikkje så kraftige desse låra.
Mariner rypelåra litt i olivenolje og balsamico, surr bacon rundt og fest med ein tannpirkar.
Grill på medium varme til baconet er sprøtt.
Server gjerne med litt erter, ev puré av erter, kålrot eller graskar. Noko med litt sødme gjer seg godt.
Steiking av rypebryst

- Rypebryst
- Godt salt smør, til dømes kviteseidsmør.
- Ev salt og pepper
Viktig at filetane er romtempererte.
Vi brukte ikkje krydder, berre godt salt smør til steiking. Om du ønsker kan du gni dei med salt og pepper.
Steik rypebrysta som ein biff, viktig å få ei fin steikeskorpe. Maks 2min på kvar side, på middelshøg varme.
La filetane kvile etter steiking.
Server gjerne med tytebærsyltetøy eller rognebærgelé, rosenkål, erter, asparges og/eller rotgrønnsaker og gode poteter.


