Besøk hjå Edia, Papadakis og olivenolje-sommelier, Kreta juni 2026

Tid for tur og nye reisebrev!

Reisebreva finn du nederst på denne sida. Vi oppdaterer på instagram og tiktok etterkvart som vi legger ut.

I fjor la vi ut på eventyr. Vi kjørte bil gjennom Europa for å hente olivenolje på Kreta og starta nettbutikk vel heime. Heime har eventyret forsett og vi ventar no leveranse nummer 4 og 5 frå Edia.

Verdensbeste.no har vist seg å absolutt også vera butikk.

Støtta og positiviteten er rørande og oppmuntrande. Vi blir så glade for alle heiarop, anbefalingar og gode tilbakemeldingar. Tusen takk❤️

I Hellas dyrkast det minst 100 sortar oliven. Vi skal få lynkurs hjå olivenolje-sommelier Dijana og få smake høgpolyfenol olivenolje frå 4 ulike olivensortar. Slik skal vi få større innsikt i historie og produksjon av olivenolje – samt tips til pairing og bruk. Det ser vi fram til.

Vi gler oss også til å besøke Edia. Det kjekke paret Tonia og Ioannis som produserer desse unike olivenoljene vi har i butikken.

Vi skal kjøre over dei flotte kretiske fjella frå Heraklion og sørover til garden til Papadakis. Papadakis produserer den økologiske balsamico glaze’en smaksett med granateple og med fiken. Vi har fått nokre bilete og det ser så fint ut! Kanskje rekk vi innom Tsoutsouros og våre venner på Minoa Sea i medan vi er på den sida?

Ps! Om litt får vi inn Papadakis sin balsamic glaze classic også, den er nydeleg.

Papdakis sin druegard
Bilete: Papadakis Crete

Minner om at vi har laga til eit nyhetsbrev der ein kan melda seg på dersom ein vil ha beskjed når vi får påfyll i nettbutikken. Det er begrensa antal og siste levering frå Edia før ny innhausting. Som indirekte nemt over får vi siste leveranse i to deler, det blir difor lagt ut i to puljer. Sender mail ved begge.

Reisebrev Kreta juni 2026:

Reisebrev 1: Sprudlande Papadakis, Kretas beste taverna og info om påfyll.

Reisebrev 2: Olivenolje-sommelier, attende hjå Edia, ellevilt sal og godt nytt!

Se flere oppskrifter →

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *