Verdensbeste.no
KlassikerMiddagNam!verdens beste

Viltgryte

Vi har laga viltgryte med Hardangersider, skogssopp og rognebærgelé.

Ingredienser til 6 personar:

  • 800 g reinskav eller anna viltkjøtt
  • 400 g fersk skogssopp (ev. bruke tørka sopp)
  • 2 grovhakka gule løk
  • Ca 100 g smør til steiking
  • Ein liten neve einebær
  • 5 dl Hardangersider (kan og bruke anna vin)
  • 6 fed finhakka kvitløk
  • 1 ts cayennepepper
  • 2 ts paprikakrydder
  • 2 ss pepper
  • Smak til med salt
  • 2 kvistar fersk rosmarin
  • 3 dl fløte
  • 0,5 terning oksekraft
  • 1 ss rognebærgelé eller tyttebærsyltetøy
  • 2 blomkål
  • 12 poteter

Slik gjer du:

  1. Steik kjøttet i ei steikepanne. Det må steikast i fliere porsjonar slik at det ikkje blir kokt. Ha det over i ei jerngryte.
  2. Brun løken og steik den ferske soppen i steikepanna. Ha sopp og løk over i jerngryta.
  3. Knus einebær i ein morter og ha desse i jerngryta saman med finhakka kvitløk.
  4. Kok ut av steikepanna med Hardangersideren og ha i kraftbujong. Vi brukte eit halvt beger Knorr beef fond. Legg i rosmarinen og la dette koke inn for å få med all smaken fra steikepanna.
  5. Hell krafta over i jerngryta, ha i krydder, eit par dråpar sukkerkulør, ei spiseskei rognebærgelé (eller tyttebærsyltetøy) og hell fløten over. Bruker du tørka sopp har du den rett i gryta no.
  6. La gryta småputre under lokk i 40 minutt.
  7. Server gjerne med blomkål, melne poteter, ein lett salat og rognebærgelé. Oppskrift på rognebærgelè finn du HER.