Ein syrleg, søt og frisk marmelade som er perfekt til ostefatet, på rista brød eller som fyll i bakst – og sjølvsagt ei koseleg gåve til nokon du er glad i!
Vi ventar framleis på at kvedebuskane våre skal veksa til, så også i haust har vi fått plukke i nabohagen hjå Drinkmaster André!
Eit lite tips før du byrjar: Start gjerne med 450 g sukker, og smak deg fram. Kvede kan variere i både søtleik og syre.
Ingrediensar:
1 kg kvede
2,5-3 dl vatn
Frøa frå 1 vaniljestong ev. 2–3 ts Helios vaniljesukker med ekte vanilje
450–550 g sukker
Safta frå 1–2 sitronar
Slik gjer du:
Slik gjer du:
Del kvedene i to, vi har brukt småeldkvede. Del dei i to og skrap ut kjernane med ei skei. Skjer dei i små bitar. Vi skreller ikkje dei vi plukkar i hagen.
Ha kvedebitane i ei panne med lokk og damp dei i så lite vatn som mogleg i ca. 20 minutt, til dei byrjar å mjukne. Vi brukte ei pastapanne.
Hell vatnet over i noko anna – “dampvatnet” er fint å bruke i marmeladen.
Ha kveden i ei passande gryte og hell i det tilmålte vatnet, frøa frå vaniljestanga, det meste av sukkeret og sitronsaft.
La det småkoke på svak varme i ca. 50 minutt. Rør forsiktig innimellom.
Smak til med meir sukker eller sitronsaft om du ønskjer det.
Hell den varme marmeladen over på reine, skålda glas.
Marmeladen vil stivne meir når han blir kald, og kan då få ein geléaktig konsistens.
Norske eple er fantastiske og lukta av eplekake er kanskje det beste med hausten.
Eplekake fungerer godt om ein et lavkarbo/smartkarbo. Ein favoritt! Denne oppskrifta er enkel – om ein har ingrediensane i hus. Røra kan også brukast til andre bær og frukter.
Ingrediensar:
115 gram smør
4 egg
70 g Finesse
90 g mandelmel
40 g havrefiber
1/3 ts ekte vaniljepulver ev 1 ts vaniljekstrakt
2 ts bakepulver (med litt topp)
1/4 ts xhantangum
2 litt sure norske eple, medium storleik.
Kanel og finesse til å strø over, hakka mandlar er også godt.
Slik gjer du:
Sett ovnen på 175 grader.
Skrell eple og skjær i båtar. Eg likar å skjære tynne båtar og trykke dei ned i heile kaka. Då blir kaka mykje saftigare enn om ein berre pyntar med dei på toppen.
Smelt smør på lav varme.
Bland saman alt det tørre.
Miks saman egg og ha i smør litt og litt, viktig at smøret ikkje er for varmt.
Ha denne egg/smør-blandinga i det tørre. Pisk/tør til en jevn røre. Den er ganske tjukk.
Hell røra over i ei 20-22 cm springform. Mest praktisk med bakepapir i forma. Og legg epla i/oppå. Dryss over kanel og Finesse, ev eit lite dryss perlesukker om du toler det i din diett.
Steik i omlag 25 min.
Server gjerne med piska krem attåt. Nam!
Ps! Vil du lage eplekake slik mi bestemor Borghild laga den er det oppskrift her, ei klassisk og nydeleg eplekake frå Hardanger.
Ein deilig eplemos å ha utover vinteren er også digg, eller kanskje du vil sette din eigen eplesider?
Berre å nytte på medan eplesesongen er her!
🍎🍏
Takk til Linn-Marion Stenkjær som har sendt bilete av kaka med eplene forma som ein blom! Perfeksjon ! 😍
Norske syrlege eple er fantastiske til mykje, også syltetøy! I år vart alle epla våre skadd av ei haglbyge og var dermed ikkje noko å putte i matpakken.
Eplesyltetøy kan lagast på ulike vis. Vi har laga eplesyltetøy med sitron og ingefær og eit batch med vanilje. Ingefær og chili blir og knusegodt.
Skadde eple er framleis gode!
Ingrediensar:
Eple og vanilje
1 kg norske syrlege eple i passelege bitar
1 dl vatn
2 dl sukker/sukrin
Vaniljestong eller ekte vaniljepulver
Eple, sitron og ingefær
1 kg eple
1 dl vatn
1 medium sitron, skall og saft
50g ingefær
2 dl sukker/ sukrin
Chili om du vil
Slik gjer du:
Så enkelt er det: Kutt epla i bitar. Ha i ei panne. Hell over vatn og sukrin. Kok til det er mørt og mos med stavmiksar. Ha på reine glas med tette lokk og oppbevar kaldt og mørkt.
Om du vil lage hot eplesyltetøy skreller du ingefær og kuttar den i små bitar. Vask sitron og rasp litt av skalet i panna, skvis ut safta og hell over.
Dette er så godt til ost, eit friskt syltetøy til lappar (lavkarbo eller vanleg) , vafler eller på skiva!
Nylaga eplesyltetøy med sitron og ingefær på lavkarbo-lappar.
Drinkmaster André serverte i fjor den mest fantastiske likøren vi nokosinne har smakt. Så mykje smak og så annleis alt!
I år fekk vi plukke kvede og har laga likør sjølve. Berre å ha frukta ståande i ei skål på bordet var tidenes luftfriskar. Vidunderleg lukt – har stadig to kveder liggande på bordet berre til å snuse på.
Småildkvede, eller den japanske kvede, er prydbuskar i ein del hagar. Vi håpar å få tak i ildkvede til vår hage til neste sesong. Ønsker du ildkvede er det nok lurt å melde interessa si til hagebutikkar no!
Vi gler oss til raudoransje blomar i mai/juni og små gule “epler” i september/oktober. Dei er ikkje gode å eta som dei er, men ypparleg til tildømes gelé, syltetøy og likør. Vår kjære MissMorocco fortel at i Marokko er det vanleg å bruke kvede i tagine, då gjerne karamelliserte. Kvede er også brukt som smakstilsetning i eplesider med stort hell!
Når ein skal lage likør av kvede er det viktig å få ut kjernane før ein har dei på glas, om ikkje kan det danne seg farleg syre. Enklaste måten er å dele kveden i to horisontalt og skrape ut kjernane med ei skei.
Kvedelikør lagast ved at du har klart:
Reine store glas, norgesglas eller liknande.
Kvede
Vodka, 37-40%
Sukker
Framgangsmåten er den same som ved ripslikør. Ha på så mykje frukt/bær som råd, hell på sukker til det er fullt og hell så på sprit til det er fullt. Vend eit par gonger om dagen til sukkeret er løyst seg opp, så ein gong innimellom. Lat stå i minimum 6-8 veker, kan fint stå 4 mnd. Sil av og hell på flaske. Så enkelt er det!
Står kvedelikøren lenge på flaske skiftar farge den frå lys gul til meir brunraud, men den er like god!
Kveden krympar ein del når den er kome på sprit.Fjorårets likør har endra farge, men er like god!
Vi er ikkje siderekspertar, men likar å lage eplesider til heimebruk. God å ha i mat, god å drikke!
Sukkerinnhaldet i eplesafta varierer frå år til år. Proffane måler gjerne dette for å få best mogleg resultat. Denne oppskrifta tek ikkje høgd for det, men er ein enkel introduksjon med ok til godt resultat – etter vår erfaring.
Ingredienser:
20 l råsaft frå eple, på 25 liters dunk.
3 kg druesukker/sukker
1 pose tørr vingjær
Spissen av ei ts Zymex
Spissen av ei ts med gjærnæring
Spissen av ei ts Supermoss
Slik gjer du:
Hell eplesafta på godt reingjorte ballongar. Bruk gjerne ballongrens og Star San for å vera sikker på at ballongen er heilt rein.
Ha i druesukker/sukkeret og bland godt i hop.
Kontroller temperaturen. Avhenging av kva gjær du bruker, må du tilpasse temperaturen. Vi brukte gjær med stort temperaturspenn.
Sett dunken på baderomsgolvet eller i bod med temperatur som gjærprodusenten anbefaler.
Når det er slutta å boble i gjærlåsane og du kan legge øyra til og ikkje høyre knitring, er sideren ferdiggjæra. Då er det tida for å «stikke om» sideren ved hjelp av hevertmetoden. Ha sideren over på rein dunk. Pass på så du ikkje virvlar opp gjæren. Om sideren går og går kan du hive på gjærstopp etter ca 10-14 dagar. Går den for lenge kan sideren bli vel tørr.
Klarningsmiddel/Supermoss er genialt for presse gjærrestar og partiklar til botnen. Ha dette i saman med gjærstoppen.
La sideren stå i så jamn kjølig temperatur som mogleg. Kan puttast i kjøleskap for at den ikkje skal starte att.
La dunken stå til sideren er heilt klår. Bruk så hevert og stikk om igjen før du heller over på flasker for det beste resultatet.
Eit år humla vi sideren, inspirert av Aga Sideri sin «Humplepung». Vi kjøpte humle på ein lokal bryggeforetning og hadde dette i ein «humlepose» (ca 30g på 23-25 l) som vi hang ned i ballongen i 4 døgn. Dette vart svært godt og anbefalast å prøve!
I år har vi prøvd oss fram med rips og plommer som smaksvariant. Spent på resultatet!
Vil du ikkje lage eplesider sjølv, finn du mykje god sider under merkevara «Hardangersider» på Vinmonopolet. Vi kjøper gjerne sider frå Alde, Edel, Aga Sideri, Kvestad sideri og Store Naa Siderkompani.
Han Paodl ha eit eldgammalt surepletre so lute seg ut yve hytto. Naor eplæ æ gjóre so dette dei né, å dao æ han Paodl dar mé bytto, å pitla dei uppi å fær dei i sekk å sete dei varlæ i kjedlaren vekk. Han ha visst eit håp, og han synge ein song: om sider, om sider, té vaoren eingong.
Visst grannen æ blie, han fær seg ein dram so kan da seg laga mé pressing. I kveldingjæ finne me reidskapen fram å hjelpest mæ lessing å klessing. Dæ litt tao eit tétak, å notté ho gaor mæ saftæ ho drype so blank å so klaor. Å me fær eit haop, å me synge ein song: om sider, om sider, té vaoren eingong.
Ballongo æ klar, å ho fydlest so smaott mé saft og mé sukker og vatten. Da putla å gjenge, å gjenge da godt so vette da ikkje for katten. Men ti mao da ha om da ska vetta bra. Dæ freistande ofta å tappa og ta. Men me ha eit haop, å me synge ein song: om sider, om sider, té vaoren eingong.
Pao Skjértorsdags aftan dao bere da laust, for dao ska da prøvast i kruset. Dæ langsama tier te vaor i frao haust, naor du gjenge å venta på ruset. -Men her skal eg sei da vatt styrkje å smak, ein kjenne seg sprek om ein før tottest spak. Han Paodl livna té å han synge ein song: om sider, om sider, té vaoren eingong.
Å du vette sterke, å du vette stor, å du vette fine te sjao te. Ådu vette rike pao pengar å jor´, å dao kan du jedna væ kaote. Men væ litt forsiktig, da raor eg deg te, da teke i leggjer, da teke i kne. Å skulde du kubba, so prøv mæ ein song: om sider, me sider, kom vaoren eingong.
Svartsurbær, aronia melanocarpa, er for nokre best kjent som prydbusk-bær. Dei veks på ein ynda og hardfør busk med kvite blomeklaser tidleg på sommaren og flammande haustfargar på hausten. I september er dei fulle av store, svarte bær. I helsekostbutikken finn du produkt av svartsurbær oftast under namnet aronia. Desse bæra kan vera gull for helsa grunna det høge innhaldet av antioksidantar – faktisk dobbelt så mykje som i ville blåbær! Kjem attende til helseeffekten lenger ned.
Smaker ein på desse bæra smaker dei surt og litt bittert, men FRYS ein dei ei natt (som rognebær!) er dei ikkje lenger så bitre. Vi har brukt bæra til å lage likør, gele og syltetøy. Smaken er veldig ulik andre bær. Det som slo meg fyrst er at den er mørk og vintereple-aktig.
Som juice smaker dei faktisk nesten som vin (jada, tek litt i, men nesten) – og har rette fargen. Som gravid var dette det eg drakk i stettglass. Tips tips til dei som måtte sakne litt raudvin undervegs eller føretrekk å droppe alkoholen.
Det fine er at desse veks overalt! Langs vegen, rundt offentlege institusjonar og rundtom i hagane til folk – ikkje plukk der utan lov. Dei veks i store klaser og er lette å plukke. Husk å vaske bæra godt om du plukker langs vegen.
Vi plukka svartsurbær fyrste gong etter tips frå ein gartnar. Vi laga gelé, syltetøy og litt juice. Likør vart det også takke vera at vi plukka litt for mykje.
Gelè
Same oppskrift som ripsgele. Reinske og safte bæra. Ha safta over på litermål eller liknande. Ha i like ca mykje sukker som saft og med desse bæra tilsette vi pektin pektinpulver – det får ein kjøpt i daglegvarebutikkar. Dette er bankersoppskrifta. Ser at nokre brukar mindre sukker når dei bruker pektin, det kan ein eksprimentere med.
Gelèen var spesielt god til ost og vil tru at den er god til vilt også.
Syltetøy
Syltetøyet var ein favoritt hjå ungane. Nydeleg på vafler!
Vi laga berre med svartsurbær, men eg har funn ei oppskrift med m.a. ingefær som eg har lyst å prøve. Heile oppskrifta finn du HER:
1,5kg svartsurbær. Bæra skal vera svarte ved innhausting.
1 eple
Litt fersk ingefær i skiver, tjukke nok til at du får plukke dei lett ut att.
1dl rødvin (kan sløyfast, ta då litt meir vatn)
4dl vatn
Ca 750g sukker
1pk syltepulver
Safta av 1 sitron
Vi plukka så mykje svartsurbær at vi måtte slenge litt over til Drinkmaster André også, han laga likør. Mmmmm! Og for ein farge… Djup djup lilla!
Likør:
For å lage likør av svartsurbær treng ein eit stort glass med lokk, norgesglass eller anna stort glass med lokk. Svartsurbær, sukker og alkoholsterk vodka. Omlag 1-1,5 L svartsurbær, ei halvflaske av Polets Seksti og 0,5 kg sukker i 1,5 L glass.
Ha bæra over på glasset. Fyll heilt opp. Ha så på sukker, rist det nedi og fyll på til det ikkje går an å få på meir. Hell så roleg over vodkaen stopp når det er fullt att.
Vend to gonger om dagen til sukkeret er heilt oppløyst, og vend så to gonger i veka etter det. Lat stå i ca 8 veker. Kan gjerne stå lenger!
Sil likøren over på passande flaske eller karaffel. Det er viktig å fjerne bæra då det kan danne seg blåsyre i kjernene.
Super digg som ein «knert» til gjestene etter eit godt måltid eller som drinktilbehør. Ikke verst når det til og med er skikkelig sunt😉
Kan svartsurbær få ned antibiotikabruken ved norske sjukeheimar?
Det hevdast at desse bæra mellom anna styrker immunforsvaret, regulerer blodtrykk og beskytter urinveiene. I Agder skal dei no gjera eit forsøk der ein skal byte ut antibiotika som førebyggande med ein aronia-mikstur.
Legg ved eit utdrag:
«Ved norske sykehjem brukes antibiotika blant annet som forebyggende medisin mot urinveisinfeksjon.
Forskerne tror aronia-miksturen kan forebygge urinveisinfeksjoner og dermed redusere bruken av antibiotika. Utvikling av antibiotikaresistens – som kort sagt innebærer at antibiotika ikke lenger fungerer optimalt som medisin – er et alvorlig samfunnsproblem.
– En av våre forskningshypoteser er at stoffer i aronica-juice blir omdannet til nye stoffer i tarmen. Disse omsetningsstoffene gir en antibiotika-lignende effekt i urinsystemet, sier Stea.»
No skyt ramslauken opp, den er best om den haustast no før den blømer!
Ramslauken vekst på skuggefulle, fuktige stader med næringsrik jord, gjerne på steinete grunn i løvskog og under berg. Også luktar den løk/kvitløk. Så går du på tur i eigna område, bruk nasen!
Ramslauk er i tillegg proppa med aldehyder, mineralet, salter og vitamin C. Det seiast ar den skal vera mellom anna magestyrkande, hjelpe fordøyelsen, senke kolesterol og blodtrykk og vera bakterie- og soppdrepande. Berre å hogge innpå!
Besto har laga ramslaukpuré og deler oppskrifta. Ramslaukpuré kan brukast til dømes som dressing, på pizza, i gryter og er nydeleg i eggerøre. NRK har sju gode oppskrifter med ramslauk HER.
Ingrediensar:
400 g ramslauk – skylt og grovkutta
2 – 3 ss salt
6 dl virgin olivenolje
Slik gjer du:
Bruk stavmixar, ha puréen på reine glas og set i kjøleskåp. Ramslaukpuré held seg eit år i kjøleskåp. Ein skvett olivenolje på toppen forseglar pureen. Etter bruk supplerer eg med litt olivenolje. Luft kan forringa smaken.
Det skal lite ramslaukpuré til for å setja god smak på maten, så eg samlar små glas til dette.
Ramslaukpuré blir god pesto om du supplerer med malne pinjekjerner, valnøtter eller cashewnøtter, basilikum og litt parmesan. Pesto held seg ikkje like lenge i kjøleskåp.
Vil du lese fleire av Besto sine oppskrifter finn du dei HER!
Endeleg tid for levande lys og eplekake. Det er haust!
Saftig eplekake frå Hardanger på den gode, gamle måten. Oppskrifta vi har basert oss på har vi funne i Epleboka av Astrid Grønsnes og Sara Grethe Eitrheim. Ei bok som tek for seg eple i mat, kultur og kunst. Denne oppskrifta er til mellomstor springform. Vil du lage ei eplekake i langpanne (35×40), dobler du oppskrifta.
Ingrediensar:
110 g smør
2 egg
1 dl mjølk eller fløte
2,5 dl sukker
2 ts bakepulver
3 dl kveitemjøl
5-6 skrelte eple i båtar
Kanel
Sukker
Perlesukker
Sett ovnen på 180*.
Skrell og del epla i båtar og ha dei i ein pose med sukker og kanel. Rist godt. Ha i så pass at det dekker eplebåtane. La dei ligge.
Smør forma (ev. bruk bakepapir). Visp egg og sukker til eggedosis. Kok opp smør og melk og hell denne blandinga kokande i eggedosisen. Sikt inn mjøl og bakepulver. Slå deigen i forma og legg eplebåtane i mønster oppå deigen. Strø med kanel og perlesukker.
Ta vare på juicen som er att i epleposen. Denne kan du enten helle over kaka før du setter den i ovnen eller ha på isen når du serverer kaka.
Steik på midterste rille i ca 40 min.
Server med is, krem eller vaniljesaus og har du litt mynte er det godt til. Nyt!
Dette har vi aldri laga før! Vi vart svært begeistra og vil lage meir!
Tok utgangspunkt i heilt straight gelé, klassisk oppskrift. Saftkokar funka supert til dette også.
Ingredienser til ca 6 dl gelè:
1 kg rognbær
5-7,5 dl sukker
6 små umodne epler i bitar
0,5 dl cognac – om du vil.
Slik gjer du:
Reinsk rognebæra. Fjern blader og ev. skit, lurt å plukke ved tørt vær. Å reinske våte bær tok nok unødvendig lang tid då alt klistra seg, men så bur vi jo i Bergen. For at rognebæra skal bli mindre bitre er det lurt å fryse dei ned før du tek dei i bruk, men dette er litt smak og behag. Vi hadde dei i frysen over natta.
Del opp epla og fjern kjernehusa. Det er lurt å bruke umodne epler då dei har mykje pektin. Om du ikkje har tilgang på umodne epler, eller rognebæra er godt modne kan du tilsette pektin i pulverform.
Hiv rognebær og eplebitane (fjern kjernehus) i saftkokaren. Kok til bæra har plaffa saman, ca 1,2-2 timar. Eg fekk 7,5 dl saft som eg kokte opp og hadde litt og litt sukker i. I følge oppskrifta eg hadde skal det vera 1:1 med sukker, men eg trur at eg neste gong kjem til å bruke mindre enn det. Tenker det hadde holdt med 5 dl sukker. Kokte i ca 1 time til og sjekka om det var ferdig ved å ta geletsten. Ta ei skei med gele på ein lys tallerken og sett til kjøling i kjøleskapet. Når du kan dra skeia gjennom og det etterlater seg ei stripe – at det ikke glir saman att, er geléen ferdig. Ha over i reine, varme glas.
Eg hadde litt cognac i eine gelèglaset mitt. Det vart veldig godt og passa ypperleg til vilgryta! Oppskrift HER.
Rognebærgelè vil vi gjerne lage meir av. Det finst ulike oppskrifter med kanelstenger, japansk kvede, akevitt? Vi er svært nyfikne på kva ditt beste tips er og håpar du vil dele det med oss i kommentarfeltet!
Informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettbutikken skal fungere. Med ditt samtykkje bruker vi dei også til besøksstatistikk og til å måle annonsane våre. Du vel sjølv kva du godtek.
Funksjonell
Alltid aktiv
Naudsynt for at nettbutikken skal fungere, til dømes handlekorga og kassa.
Preferansar
Hugsar innstillingar du har valt på nettsida.
Statistikk
Besøksstatistikk som viser oss korleis nettsida blir brukt.Lagring av data eller tilgang brukes utelukkende til anonyme statistiske formål. Uten en stevning, frivillig samtykke fra din internettleverandør eller en tredjepart, kan informasjon som er lagret eller hentet for dette formålet alene vanligvis ikke brukes til å identifisere deg.
Marknadsføring
Måler om annonsane våre fører til kjøp, og kvar kundane kjem frå.