Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Vi har planlagt overnattingar og kjøreruter i månader. Bestemt oss og ombestemt oss, så det kjennest smått uverkeleg at vi no er på veg til Kreta for å kjøpe olivenolje. Ikkje berre på veg, men vi har runda danskebåten!

Fun fact: I Danmark er det framleis ein lov frå middelalderen som seier at dersom nokon utfordrar til duell, skal kommunen stille med sverd og hestar!
Vi hadde i utgangspunktet tenkt at det kunne bli lange timar på Fjordlines Stavangerfjord. Vi booka liten 4-manns lugar og pakka med teiknesaker, spel og ei skikkelig god niste – Sashimi, mangosalat, ris og heimelaga ponzusaus, ein familiefavoritt!
Maten var digg og sette stemningen, spel osv var overflødig. Det er jo bingo, familiequiz og familiecasino på danskebåten! Vi var underholdt frå vi sette beina ombord og alt var gratis (ev inkludert).
På båten er det og mulig å kjøpe alkoholfri drink av melk, karamell, dumle og krem. Utruleg nok førte dette ikkje til sjøsjuke – som mor totalt feilaktig hevda.
Kvelden gjekk unna og natta så som så. Sjåføren sov heldigvis godt. Ein vakna sjøsjuk (ikkje av drinken!!), så fekk vi haka av det og. Danskebåten check!
Ein halvtime før ankomst fekk vi gå i bilen.
Det fine med kronekurs på 1,5 NOK mot 1 DK er at alt ser veldig billig ut.. Berre ikkje sjekk kontoen.
Å finne frukost vel i land var ingen sak. På matbutikkane i Danmark er det lett å finne sunn og god mat. Mykje økologisk. Juicy salatar og div påsmurt. Vi kjøpte med oss mat og spiste frukost på ein kai i Aalborg. Det var opplett og god stemning. Ingen kjøpte Faxe Kondi-brus, det var så mykje anna spennande å velge mellom.
Vegen vidare ned Danmark var prega av heimleg, skiftande bergensvær. Regn, lyn og torden, solskin, plask på ruta. Dei innrømte det på butikken og, tilbodsplakatar merka “Dansk sommervær” gav tilbod på paraplyar.
Midt mellom bygene var Juelsminde Naturlegepark eit perfekt stopp for å strekke på beina for store og små. Ingen endte på akutten, alle hadde fått brent av litt krutt og strekt på seg.
Vi skal opp att via Danmark, men no kjører vi tvers gjennom på veg til Tyskland og Hildesheim!

