Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Vel framme over grensa til Frankrike skal vi overnatte i Saint Jean de Maurienne. Ein stad som liknar det meste av vestnorske småstader.
Her er bensinpumper, matbutikk, pizzabu og rånarar. Hotellet er mest som ein brakkerigg. Det smell i eksospotter og kappkjørast på bilvegen. Vi hadde satsa på å kjøpe noko mat, men det er søndag klokka halv ni på kvelden. Pizzabua er tom for pizzasaus og butikken er stengt. Ikkje ein gong på hotellet er det folk. Vi sjekkar inn via maskin. Vi grev i det vi har av mat i bilen. Kjeks og knekkebrød med smøreost og nutella blir middag og kveldsmat.

Vaknar til 11 grader og regn. Heimleg sommarvêr, i heimlege omgjevnader og ein brå overgang. Frukosten er god. Ungane drikk varm kakao frå kaffimaskina.


Fjella er flotte og flatar seg ut etterkvart som vi kjører nordover. Landskapet blir sydlegare, temperaturen og, men 18-20 grader er ikkje det same som før. AC må av, skjerfet må på og vi har funne fram bukse for fyrste gong sidan Danmark. Vi øver på dei viktigste orda i bilen. Merci, Salut, Excusez moi. Då er vi klare for Frankrike!🇫🇷
Dijon i Dijon
Vi stoppar i Dijon. Parkerer på parkering merka “payant” og brukar også her EasyPark. Kun lov å stå i 2 timar, så vi må vere raske. Vi vil innom markedet i Les Halles, som skal vera teikna av sjølvaste Gustave Eiffel i 1868. Der er det torg. Mathall og vintage handel. Diverre er det stengt på måndagar, så vi får berre nyta det utanfrå.

Vi går innom Maille sin originalbutikk og smakar sennep. Her får vi smaka ulike sennepsvariantar laga med vin. Den sel dei kun i Dijon og i Paris, og den er høgt prisa. Sennep laga med vin smakar litt rundare enn den laga med edikk som vi får kjøpt heime.

Byen Dijon er vakker med glasert, mønstra takstein på fleire tak og flotte pynta gater, torg og staslege bygg. Dei har òg rosa bybane!





Fransk landsbyliv
Så reiser vi mot vesle Brulange og Le Jardin De Norah der vi skal bu. Vi har booka på Hotels.com. Handlar middag på vegen. Fast food til ungane og fransk charcuterie til oss. Grov baguette, 2 ulike patéar, spekepølse, eit par ostar og fiken confit (syltetøy).
Vel framme på Le Jardin De Norah (på norsk “Norah sin hage”) vert vi teke i mot av Gabrielle. Gymnas-fransken min held ikkje mål i det heile. Dei få tinga eg hugsar, kjem eg ikkje på før lenge etter eg treng dei. “Je parle un beucoup française”. Nejjj. Petit !! slår det inn 2 timar seinare medan eg sit der som ein annan Gerard Depardieu og et paté og drikk vin. Eg har sagt nett motsett, “Eg snakkar mykje fransk!”. Jaja. Ho lo, så eg reknar med at stotringa og det vesle mellomrommet mellom fingrane sa mest.


Her er det bustadhus, løe innreda med rom til utleige og stor hage med høge tre. Høner går fritt, ein sky katt smyger seg langs husa og hunden Austin vil gjerne leike med ball. Den hyggelege mannen til Gabrielle, sønnen og barnebarnet Norah møter vi òg. Vi er åleine her no, men vanlegvis deler ein fellesrom og kjøkken med andre reisande. Rommet vårt er over to etasjar, så her får alle litt luft. Fint innreidd med sjelfullt interiør og veggar dekka av kunsten til Gabrielle si dotter. Vi kjenner oss raskt på plass. Så fint er det her at minsten, som no mest heile tida lengtar heim til besteforeldre, vener og Lego, utbryter at “eg blir med på bilferie ein gong til om vi reiser hit igjen!”




Neste dag har vi frukost kl 10, vi fekk velge tida sjølve. Gabrielle har dekka eit nydeleg frukostbord og gått igjen. Det kjennest smått magisk å koma inn på kjøkkenet og sette seg. Sonen mater høner i hagen og ryddar av etter oss når vi er ferdige.

Brulange er lite. Nokre hus, eit kryss og ei kyrkje. Vi går ein tur. Ser esel og okse som deler innhegning. Traktorar på veg til og frå dei endelause jordene i begge retningar. Storkar i lyktestolpen. Gratisbibliotek i busskuret. Solsikker! Det regner og vi får søndagsfølelse. Vi leikar med hunden, spelar spel og søv litt.







Verdens beste parkering?
Utpå dagen dreg vi oss ut av døsen og kjører til Metz.
Vi kjører forbi ei vintønne merka PARKING med grøn skrift. Kjører inn, men ser ingen instruksjonar. Gaute spring inn i butikken attmed og spør korleis det er med parkering. Innehavaren, Didier, seier at det er lov å parkere om vi kjøper ei flaske vin. Raisin er ein flott vinbutikk med utval i alle prisklassar. Vi fortel om sidereventyret i Hardanger og blir entusiastisk viste rundt. Vi kjøper fire flasker vin. Didier ler til ein kompis som er innom -“Ser du, eg sa det kom til å funke!”. Skiltet er sett opp som lokkemiddel.

I Metz vaknar vi. Metz er levande, her er det ungt og engasjert. Mange unge voksne i gatene, kunstlabratorium, punkete kaféar. Mange bruktbutikkar, sånne gøye som gir kjensle av skattejakt. På Le Bardak finn vi vintage, skreddersydd blazer til 10 EUR og kule pins. Vi er dei fyrste norske kundane, det er stor stas og god stemning. Vi er også innom La Boussé Solidarité, der går pengane til ulike veldedige formål. Bygging av skule i Egypt, Palestina og sosialt arbeid. Det blir nytt skjerf. Betaling skjer på pub’en ved sida av der ein mann avbryt hektisk måling av eit veggmåleri for å finne fram kortautomaten. Vidare i dei fine gatene er det nesten berre unike butikkar, vintage og uavhengige. Original David Bowie LP, slips, smågåver, sjå på gitarar og ein baguette frå bakaren. Brått er tida gått, vinbutikken stenger og vi må kjøre bilen ut før Didier lukker porten. Katedralen vi skulle sjå må vente til neste gong.





For her trur eg det blir ein neste gong. Vi vil ha fleire døsige dagar hjå Gabrielle og mannen i hagen til Norah, sjå og oppleve resten av kule Metz. Vi seier “Au Revoir! På gjensyn” og kjører mot Tyskland.
Lorraine American Cemetery
Like før grensa stoppar vi på Lorraine American Cemetery. Det er vondt og sterkt. Her er 10 481 unge gravlagt. Dei fleste med regiment, namn og dødsdato på gravkrossen/-stjerna. Nokre utan. Dei gjer kanskje ekstra vondt å sjå. Så mange døydde så nær frigjeringa. Berre dagar og veker før 8.mai 1945. Kor jævlig krig er.


Police Police!
Like før tyskegrensa blir vi stoppa av politiet. Politiet snakka, som dei fleste franskmenn, ikkje engelsk og vi snakkar jo som nemnt ikkje fransk. Prøver heller ikkje. Eg aner jo ikkje kva eg kan koma til å seie meg skuldig i om eg tek fram gymnas-fransken att.
Politiet vil sjå papir og kikka i bagasjerommet. Dei spør ikkje kvifor det er stappa med esker, er ikkje det dei ser etter. Vi fekk bruk for det internasjonale førarkortet vi ordna med hjå NAF før avreise. Så hugs det om du skal hive deg på biltur i Europa!
Ps! Vi har forresten ikkje møtt ein einaste sur franskmann.

