Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Vi kom til Hellas og den vesle byen Chalkidona like utanfor Thessaloniki i mørket. Mørkekjøring i Hellas gjekk greitt, men ein må passe på å blenda ned sjølv om det er høg midtdelar mellom kjørebanane.

Maison Hotel

Vi vakna til eit nydeleg hotell med engasjerte og hyggelege tilsette i alle ledd, flott hage, basseng med badevakt og ein fantastisk frukost. Egg, bacon, ferske paiar, varme arme ridarar og fløyelsmjuk gresk yoghurt var høgdepunkta. Maison Hotel anbefalast sterkt!

Flett nye dekk

Gaute tok bilen til næraste verkstad, Th. Topalidis, og fekk kjøpt nye dekk. Dekka vart sporenstreks henta i Thessaloniki og praten gjekk i ventetida. Mekanikaren hadde budd 12 år på Kreta, plukka oliven på vinteren og fiksa kyrkjetak på sommaren. Det heile var unna på ein time. Prisen var den same som heime.

Det har vore litt nervepirrande å ikkje ha stephjul, så det var godt å få det på plass att. Pluss at å kjøre på flett nye dekk er som å suse avgarde på ei sky! I tillegg er det veldig gode vegar her på fastlandet. Det hjelper òg på.

Restaurantbesøk i lyn og torden

På kvelden var vi på Taverna Foyskotos. Vi tok ut i regn, blest, lyn og torden. Ikkje lange turen, men lang nok til at vi kom dyvåte inn. Det vart ein del latter og vi fekk pairtørkle og vifte på. Tørka opp kjapt og fekk eit festmåltid. Faktisk to! Vi fekk med oss ei oppskrift også. Du kan lese om restaurantbesøket og få oppskrift på herlig fetaost med sesam og honning HER.

Vegen mot Delfi

Ein nydeleg hotellfrukost til, så var vi på veg mot Delfi. Vi hadde to mål på vegen, sjå fjellet Olympos og å ta fyrste bad i Middelhavet. Fjellet låg i ei tåke nett som vi har sett på bilete. Ingen gudar å sjå.

Vi tok av motorvegen og kjørte langs kysten, svingte ned til Pakopotamo beach. Her budde tyske familiar i bubilar og det var astrologiske spådomar i strandbaren: “You are water, she is fire sign. Will be very difficult”, fekk ein ung mann høyra. Han sa seg einig.

Vi bestemte oss for å bruke bilen som byterom. Åpne bildører med handklede mellom fungerer supert. Vips var vi i “badikken” og kunne vasse ut i Middelhavet. Fantastisk !

I Hellas er det også tollstasjonar. Her kan ein betale med kort, men det er enklare om ein har myntar tilgjengeleg. Desse stasjonane kjem ganske hyppig og køsystemet er uoversiktleg. Du trur du står i ein kø, så svinger den seg inn i feil luke og du (og mange andre) må då presse deg inn dit du skal. Ingen rette linjer her!

Vi speida etter villsvin, det var skilt heile vegen som åtvara om villsvinfare. Men, ingen gudar og ingen villsvin.

Vi kjørte vidare, langt ute på landsbygda. Her var det mange bilvrak på tilsynelatande forlatte tun. Lite folk og få bilar. Brått svingte Gaute unna og stoppa. Det var ei skilpadde midt i vegen!

Ungane spratt ut på redningsaksjon.

Vi får håpe vi sette den på rett side og at det ikkje let eit tynt “Malakas!” (Rævhol) då vi fornøgde med dåden kjørte vidare.

Skogbrannfaren er stor og over vegen er det skilta med “ Warning: Increased fire risk in the area” og telefonnummer å ringa dersom ein skulle oppdage brann. Store områder brann i fjor og det er både utbrente hus og åsar langs vegen. Her fyker ein gnist lett med vinden frå ein haugen til den neste.

På veg mot Delfi møter vi fleire rallybilar og ser på ei kort strekning 4 bilar som hektisk byter dekk i vegkanten. Det ligg også ein del flasker med lysgult innhald i vegkanten.. Akropolis Rally med mottoet “Survival often beats speed” er i gang og vi er midt i det. På vegen er det heiagjeng og pitstop. Det var heilt ok når vi endeleg kunne svinge av ruta deira.

Delfi er verdas navle

Vi køyrer opp i fjellet for å koma til Delfi som ligg 600 moh. Her skal vi ta inn på Olympic Hotel. Eit hotell drive av mor og datter. Dottera tar seg av administrasjonen og mor lagar frukost med både dolmades og spanakopita. Mm!

Rommet vårt hadde terrasse med ei svimlande storslått utsikt. Her hang vi over dalen. Høgdeskrekk vart overvunnen av begeistring. Vi såg heilt til sjøen og der nede, 5-600 meter under oss, var bakken kledd med tusenvis av oliventre.

Utsikt frå rom nummer 31.

Dagen etter var det vind, lett regn og 25 grader. Perfekt vær for ruinar! Ingen orakel no, men ei kjensle av å vera knytta til historia meir enn 2500 år tilbake. Ein mektig stad. Det var trapper på trapper og ikkje alle kom seg heile vegen opp, men utsikten var flott heile vegen. Vi tok bilete av infotavlene, sette oss i skuggen og las. Tenk at alt dette har hendt akkurat her!

Så køyrde vi til Peloponnes. Her har vi booka hageleilighet ved stranda med grill, vaskemaskin og kjøkken. Vi gler oss til å vaska klede, bada i sjøen, gå på lokalbutikken og laga mat.

Neste reisebrev blir ei stund til, truleg når vi er kome til Kreta og har henta olivenolja.

Reisebrev frå Hellas part 2