Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Det blir nokre reisebrev frå Hellas. Fun og forretningar i skjønn foreining.
Etter rolege dagar med bading og grilling i Vrachati på Peloponnes, kjørte vi mot Gythion for å ta ferje til Kreta. På vegen hadde vi Sparta for oss sjølve!
Sparta
Det fyrste vi la merke til då vi kjørte gjennom den moderne byen Sparta var at det, midt mellom bustadblokker, kaotisk trafikk og forretningar, var ruinar. Midt i byen. 2500 år gamle ruinar låg bak det som no var eit renoveringspunkt, med store overfylte bosspann. Stein, mur og plastkolossar om ein annan.
Gps’en viste lite nyttige ruter, så vi måtte fomle oss fram sjølve. Det var 37 grader og vi ville parkere så nært Sparta sitt Akropolis som mogleg. Skilting var det dårleg med.
Etter litt leiting fann vi fram til rett veg (kjør opp ved stadionen). Der, ved foten av ei høgd, var det parkering til 2 bilar. Porten stod vidopen, billettluka var forlatt og vi var åleine, nesten: Vi møtte ein mann på vegen opp. Ein skulle trudd Sparta var eit mål for mange, men ikkje i dag og det virka ikkje som at dei hadde tenkt at folk skulle valfarte dit heller.
Oppe på høgda var det overdøyvande lyd frå dei mange sikadene. Desse ser vi over alt no.
Vi kjende att strukturane av leireskår i sikksakk-mønster frå ruinane i Delfi. Vi drakk Vikos Cola, vatn og vandra roleg i varmen. Friska opp hukommelsen. Begge ungane har hatt om antikkens Hellas på skulen. Det var her gutane måtte flytte heimefrå ved 7-årsalderen for å bli dugelege soldatar med juling og svolt som middel. Disiplin i høgsetet. Sove på det harde golvet – madrass var for pyser, bli ein fullkomne krigarar og helst kjempe til døden. Vi var einige om at det ikkje var noko stad for oss for 2-3000 år sidan, men ganske flott no.
Flotte stumpar av søyler på rad ved Athenes tempel. Tenk at nokon hadde hogge ut desse. Ein krigar frå Sparta har kanskje teke i det same som vi kunne ta på no, vi som dingla rundt på ferie. Det hadde nok ikkje imponert spartanarane mykje. Arkeologar var i arbeid fleire stader, dei gjer stadig nye oppdagingar og jobbar med å få midlar til å fortsetje utgravingane. Eit imponerande og enormt romersk teater synte seg i bakken. Delvis gravd fram. Dette har vore det største teateret i Hellas, bygd i år 30 fvt og kunne huse heile 16 000 tilskodarar.




Då vi kjørte ned att oppdaga vi ei stor statue av Kong Leonidas like ved oppkjørselen. Eit teikn på at ein er rett veg, kikkar ein opp frå kartet.

Ferje frå Gythion
Vi kjørte vidare til det som ein gong var Sparta si hovudhavn, Gythion. Ferja til Kreta går herifrå ein gong i veka og stoppar på Kythira og Antikythera.
Gythion er ein vakker by, havna er nydeleg. Fargar og folk er livlege når vi kjører gjennom sentrum på veg til moloen som òg er ferjekai. Skal vi ta ferja herfrå ein annan gong, skal vi sette av eit par dagar her. Alle desse stadene vi berre har sett på kartet siste månadene får no innhald. Det er så mykje flott.
Sjølv om vi skulle hatt meir tid i Gythion, var vi ute i god tid til ferga. Ein god time. Det var fint. Gaute måtte kjøre på ferja åleine i bilen, “Only driver!” og dermed venta han på kaien medan vi gjekk ombord. Å kjøre på ferja med takboks-høgde styrte dei litt med. Pajeroen var ein krevjande puslespelbit. Det var kontante beskjedar med rop og hender frå autoritært ferjemannskap og det vart litt heitt i topplokket.
Vi som kunne gå på ferja, stressa ikkje. Oppe på båten var det fleire flotte salongar og ettersom vi var tidleg ute var det berre å velge seg ein. Salongen hadde vi som base heile turen. Lydnivået var til tider høgt, praten gjekk, ungane ombord leika voldsomt og det klang i veggane. Det var godt å ha med øyreproppar i veska.
Det vart ein del bølger. Og over skurrete høgtalar kom beskjed om at passasjerane til Antikythera beklagelegvis måtte bli med til Kreta. Dei fekk ikkje lagt til. Ny ferje hin vegen om to dagar.
Tenåringen sat på dekk dei sju timane overfarten tok. Kom inn dekka av salt då vi var komne fram til Kissamos rundt midnatt. Vel nøgd med åleinetid og at sjøsjuke var unngått.
Det var godt å kome til Kreta, også midt på natta. Her er vi litt kjende. Sjølv om det er spanande å reise på tur slik vi gjer, er det òg litt krevjande at alt er nytt heile tida.
Vi hadde booka på Villa Gereoudis, og fekk eit veldig kjekt familierom. Køyesenger på kjøkkenet, stor terrasse med spiseplass, romsleg bad og soverom med balkong der vi kunne sjå ned på eit lite bassengområde som lyste opp i natta. Eigaren Michalis venta på oss, etter avtale, og låste oss inn.
Vi måtte skunde oss å sove. I morgon skulle vi endeleg besøke Edia, olivenoljeprodusenten. Målet med reisa!