Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Vi er i Kolimbari og skal møte menneska bak Edia, smake olivenoljer og fylle bilen.

Hjå Edia Olive Oil

Vi booka olivenoljesmaking klokka 12 og spaserte kilometeren frå hotellet til Edia sin butikk. Der møtte vi Tonia. Like etter kom også Ioannis og dottera Eleni som vi har maila med siste månadene. Tonia er gift med Ioannis og mor til Eleni som er student og heime på sommarferie/sommarjobb. Dette er ei familiebedrift.

Ekteparet arbeider hardt og har drive kaféen Refreshed i Kolimbari i 25 år. Dei har samtidig arbeidd med olivenolje og dei siste åra har dei satsa mykje og bygd opp Edia Premium Olive Oil. Dei spring mellom bedriftene og livet elles. Det går i eitt, men smil og latter sit laust og heldigvis har dei tilsett kjekke folk. I butikken møter vi også Evi som har vore med dei siste 4 åra.

Butikken er flott. Høgt under taket, hyller i mørkt tre og fin belysning. Det bugnar av varer. Ikkje berre Edia sine oljer. Her er honning, oliven, kosmetikk, søtsaker, marmelade, nøtter, smykker og vin. Det meste frå småprodusentar dei samarbeider med på Kreta, nokre er òg frå fastlandet. Dei er opptekne av at det er viktig for småbedrifter å bygge kvarandre opp og skape plassar for kvarandre. Det er slik ein overlever i konkurranse med dei store etablerte kjedene, fortel dei.

Vi fekk omvising på tappe-rommet, og vi fekk smake på oljene med og utan brød. Ei god olje skal smake og lukte nykutta gras, prikke sterkt i halsen og vera noko bitter, ved reint inntak. Med brød er ikkje prikkinga og det bitre framtredande. Edia spesialiserer seg ikkje på kvardagsoljer, men på oljer til rettar der olivenolja er viktig. I salatar, til fisk og til godt brød til dømes. Dei lagar og oljer for dei som ønsker ein helseeffekt. Alle oljene har høgt polyfenolinnhald og har syrenivå på under 0,3%. Dette betyr at olivenolja ikkje berre er extra virgin, men av premium kvalitet. Forsking viser at desse olivenoljene kan vera viktige for god hjerne– og hjartehelse. Dei virkar også antiinflammatorisk.

Edia har fleire olivenlunder. Dei driv noko økologisk, og ein del biodynamisk. Dei gjorde det fyrst på bestilling, men opplever at det har effekt på kvaliteten og har utvida denne måten å arbeide på. Dei dyrkar i tillegg avokadotre og pressar eige avokadoolje. Det er hektiske dagar haust og vinter når det skal plukkast, fraktast og pressast innan tidsvindauge på få timar, men også no på sommaren er det mykje å gjera. På sommaren er det vatning som er utfordringa. Kva tid er det vatn og kor mykje? Det er ein heildagsjobb berre å sørge for at ikkje frukta tørkar ut.

Praten gjekk, vi forsøkte å ta til oss alt det vi kunne av tips og råd og vips var det gått tre timar(!).

I olivenlunden

Mot Deliana-ravinen

Klokka 09 neste morgon parkerer vi ved inngangen til Deliana-ravinen. Det er her mange av olivenlundene til Edia er, og det er fritt fram å besøke. Skilt fortel korleis dei ulike olivenlundene er drifta.

Biodynamiske, økologiske og ville: Edia lagar óg olivenolje frå tre som har vekse heilt uberørte og vilt.

Det er 25 grader, sollyset mellom trea er vakkert, sikadene er høglydte og det luktar av ville urter. Den gode lukten av Kreta. Ein fin start på dagen. Denne store dagen då vi faktisk skal fylle bilen. Vi er spente på om det er plass til det vi har bestilt. Gaute meiner vi har plass i massevis – og han får rett.

Vi ender med å ta med litt ekstra.

Vi er svært imponerte over arbeidet Ioannis og Tonia gjer og olivenoljene dei har fått til. Vi kjøpte fire sortar. Vi tar med heim mest av Early Harvest som er på literboksar, men vi har også plukka med nokre fine 0,5 l. flasker av Blend Number 3, Premium og High Polyphenolic. Du kan lese om dei ulike sortane HER.

Møtet kjentest svært fint og vi håpar på eit langt samarbeid!

No må vi få olivenolja heim. Vi skal passe på den som ein baby heile vegen. Olivenolja skal ikkje ha det for varmt, så vi må bære den inn frå bilen når vi kjem fram der vi skal overnatte på ruta heim.

Fyrste stopp er Minoa Sea i Tsoutsouros. Ei veke strandferie!