Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Turen over fjellet frå Heraklion og sørover ser vi fram til. Den er vakker. Vi skal til myteomspunne Tsoutsouros. Håpar vi ikkje møter aliens, amerikanske militære eller vekker titanen. Vi vil ha det fredeleg. Helst kjeda oss litt.

Vi blir varmt tekne i mot på hotellet, Minoa Sea. Handtrykk og navn vi skal bli godt kjende med desse dagane. Kiriakos, som driv Minoa Sea, har vi sett litt på Instagram før vi kom, det var der vi fann hotellet og booka. Han overtok Minoa Sea for tre år sidan. Pussa opp rom og starta tavernaen. Han er oppvaksen i ein landsby ikkje så langt unna og er utdanna innan jordbruk, men starta arbeidslivet som bly-kontrollør i hektiske New York. Han ønska fort eit anna liv. Å leva av å vera bonde på Kreta er svært vanskeleg, så då han fann dette gamle hotellet i Tsoutsouros og fekk leige det, satsa han.

Utsikt frå rom 2, Minoa Sea

Vi ber olivenolja opp på rommet. Det er enkle, tradisjonelle, greske hotellrom. Pluss med stort kjøleskap på rommet, for her er felleskjøkken. Det er også vaskemaskin. Alt vi treng. Butikk borte i gata og eit prakteksemplar av ein gresk taverna. Horta, dolmades, kalamari og grilla, fersk fisk blir favorittane.

I Tsoutsouros er det eit par fiskarar som tar ut tidleg og seint. Éin kallar vi “Kreta-Besten”, han er høg og har bart – lik Besten i Noreg. Kreta-Besten, Nikos, har ein fin fiskebåt han arva av far sin og leverer fersk fisk til tavernaen. Han har òg ein båt som han tek med besøkande på. Det er fine strender rundt Tsoutsouros ein berre kan besøke med båt.

Det er berre 80 fastbuande i Tsoutsouros, men i helga er det fullt på tavernaen. Grekarane har flokka hit etter jobb på lørdag. Det går rundt for servitørane, bestillingane haglar og langborda blir stadig lengre.

Servitørane Katerina, Georgia og Jaira (som er psykolog og lærar frå Italia på sommar-”ferie”) snakkar vi mykje med. Dei spring mellom borda, mellom serveringsterrassar og kjøkken. Dei helsar oss glade og slår av ein prat når det er tid.

“Kalimera! Ti kaneis?”

-“Kala kala! Poli kala! Ki esy?”

I eit par år har eg øvd meg litt på gresk. No får eg bruk for det eg har lært. Gjengen på Minoa Sea snakkar litt engelsk. Eg snakkar bittelitt gresk. Dei gir meg gladeleg små leksjonar og rettar vennleg på meg. “Mono Ellinika” (berre gresk) ville Kiriakos prøve seg då eg sa eg hadde lært meg litt, men han skjøna fort at det då vart korte og lite innhaldsrike samtalar.

I Tsoutsouros er det nokre andre småhotell, eit par kaféar og tavernaer, kiosk og to daglegvarebutikkar. Skilt på tomme hus langs stranda vitnar om at her har vore meir. «Τσιγάρa Τηλεκάρτες» / “Sigarettar Telefonkort”, Galaxy Club og det som ein gong har vore fleire små hotell og tavernaer. Dimitris, som er fastbuande, fortel om ei tid då han kjørte over fjellet med pick up og henta koffertar. Turistane vart henta med minibuss. Det var organiserte turar med mat og musikk. Så vart det stopp. Fleire har fortalt om dei store, øydeleggande hotella her på Kreta. Turistane som kjem til øya blir henta med buss, går inn porten på hotellet, kjem ut att etter ei veke og går i bussen igjen. Dette gagnar øya lite. Som cruiseskipa som besøker Bergen.

Vi føler oss som vener og ein del livet på Minoa Sea etter berre eit par dagar. Krystallklårt vatn, sand og langgrunn bukt gir alle ro i sjela. Då veka er omme, innser vi at vi knapt har bevega oss 100 m i kvar retning. Berre gått over vegen til stranda og attende, men det var jo målet. Å vera i ro. Ingen buss hentar oss dog. Vi ber olivenolja attende i Pajeroen. Vi skal med ferje til fastlandet. Ta til på turen heim.

Vi gler oss til å koma attende til Tsoutsouros, det var heilt perfekt – vel – einaste må vera at vi håpar det er komne nye toalettsete neste gong vi kjem. Vi har hatt eit sånt som er litt knekt og klyper i låret, ungane sitt var borte. Kiriakos lovar at det skal han fikse. Her er det arbeid på gang. Litt og litt og heile tida, med dei beste ynskje for alle rundt og dei besøkande.

Σας ευχαριστούμε για τη φιλοξενία σας!❤️

Hellas part 5!🇬🇷