Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Vi forlét Tsoutsouros og kjører mot nord, over fjellet til Heraklion. No begynner heimfarten, ting skjer fort. Her gjeld det å følge med!

I Heraklion finn vi fram til rett ferje. Vi trur vi er altfor tidleg ute og spør når vi skal møte. Beskjeden er møtetid 18.30, om 3 minutt. 2,5 time før avgang. Flaks! Vi hadde leita etter info og fann lite. Lugaren er romslegare enn på Danskebåten. Det er buffet som på IKEA, men litt gøyare utval. Vi peiker ut ulike måltid, kokken legg det på fatet og vi betaler i kassen.
Vi kjem til Pireus 06.30, i soloppgang. Alle er trøtte. Hektisk trafikk ut frå havna som overraskande roar seg når vi kjem oss inn i Athen. Vi finn parkering i skuggen nær Akropolis. Her må vi levere frå oss bilnøklane. Bilen skal flyttast rundt på etterkvart som fleire vil parkere på kvadratmeterane denne mannen leiger ut.
Vi har ikkje noko plan. Skal kjenne etter kva vi får til i dag. Ei lang trapp med fleire serveringsstader oppover ser fin ut. Ikkje alle er opne, men vi blir vist til ein kafé nesten øverst. Der bestiller vi god frukost. Den eldre mannen som driv kaféen kviskrar og vi kviskrar attende. Det kjennest naturleg, trøtte som vi er og så tidleg som det er. Innser etterkvart at han nok har trøbbel med stemmebanda, så vi prøver å svare med vanleg stemme. Vanskelig det der, å ikkje kviskre attende når ein blir kviskra til.

Maten er god og vi vaknar noko til. Så går vi mot Akropolis. Det er stort å endeleg sjå Parthenon, tempelet på Akropolis, høgt der oppe. Klarar ikkje heilt å bestemme oss for om vi skal dele oss, at to går opp og to nyter på avstand. Vi blir oppsøkt av ein grekar som sel guida turar. Vi takkar ja til guiding alle fire, ungane er gratis. Det viser seg at det var lurt. På Akropolis kjøper ein billett til ulike tider. 2000 menneske inne til ei kvar tid. 23000 menneske kvar dag, gjennomsnittleg. Hadde vi kjøpt billett på nett eller i luka hadde vi ikkje fått gå inn før om 2,5 time. Guiden er ei eldre dame. Skikkelig flink. Nøye, presis og perfekt engelsk. Det går etappevis oppover og ho passar på at vi står i skuggen der det er mogleg. Vi har kjøpt to flasker med frose vatn ved inngangen. Dyrt, men det var verdt det. Det bles på toppen. Varmen går greitt slik. Tenk at vi er her!





Vi går ned att og inn i nokre handlegater. Omlag alle sel det same, men vi har eit par gåver å kjøpe og får gjort det her. Leitar etter bruktbutikkar som er oppført på google, men finne berre fleire souvenirbutikkar.
Vi kjem oss attende til bilen når heten slår inn. Heldige med timinga.
Havari vi?!
Så stoppar vi på bensinstasjonen. Vi treng kaffi. Trøtte i trynet som det heiter på godt bergensk. Brått er stemninga hektisk. Ein tilsett ved bensinstasjonen ville hjelpe å fylle og har fylt ein halv tank bensin på dieselbilen vår. Føkk. Den stakkars mannen er fortvila. Tankane våre raser. 200 liter olivenolje og dyr ferje til Italia i morgon. Hovuda blir litt svidd før vi får gått inn i handlingsmodus. Heldigvis oppdaga vi det før vi starta motoren. Vi forsøker å ringe NAF. Det tar 30-40 min før dei svarar og i mellomtida har bensinstasjonen skaffa tauebil og fått ordna bilen inn på verkstad umiddelbart. Piuh!

Gaute er på verkstaden, vi andre på eit lite butikksenter ved bensinstasjonen. Ringer mor og far som ringer mekanikar-ven, dette skal gå fint. Pustar ut og brått så er vi på vegen att. Full tank. Diesel denne gongen.
Vi skal overnatte i Gamle Korinth.
Vi kjem til Korinth på ettermiddagen og slenger oss i AC’en på rommet. Ved solnedgang tuslar vi bort til ruinane av det som var. Nydeleg. Ein kan gå eller kjøre omlag heile vegen rundt, gå inn på dagen om ein har billett.


Avsluttar dagen med middag på tavernaen der vi leiger rom. Både på ferja og på travernaen serverte dei okra i tomatsaus. Kjempegodt! Har sett at dei sel okra på Bep 250 i Blomsterdalen. Gler oss til å prøve når vi kjem heim!
Den store ruindagen er over og vi er tilfeldigvis ikkje ruinerte. Ferda kan fortsette. I morgon reiser vi med ferja til Italia! 🇮🇹
Italia part 1: Makalause Mar-Ke, kunstig fjellvatn og streetfood! 🇬🇷

