Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Vi kjører av ferja i Bari utan aircondition i bilen. Den har gitt seg. Det blir ein litt sveitt tur nordover til Cessapalombo i Marche (uttalast Mar-Ke) regionen, men vi er heldigvis ganske akklimatiserte.


Vi stoppar i Trani, drikk kaffi og et gelato (is). Ser ville, grønne papegøyar og er innom delikatessebutikken – eller er det ein heilt vanleg butikk? Å gå på matbutikken i Italia viser seg å vera ei oppleving i seg sjølv. Vi kjøper med eit herlig “fang-måltid”; ost, artisjokk og spekeskinke, og skundar oss attende til bilen. Bilen kan ikkje stå lenge i varmen med olivenolja ombord. Turen nordover går i starten gjennom mindre sjarmerande område. Motorvegen har skore gjennom det som tilsynelatande var landsbyar, og mykje rundt oss er nedfalls og forlatt. Det finst nok finare ruter å kjøra hadde vi ikkje hatt behov for å koma oss raskt fram.
Vi skal bu avsides på garden L’Olmo Di Casigliano og lage mat sjølve i 3 dagar. Vi har booka på agriturismo.net. Før vi kjem fram, stoppar vi i mellomalderbyen Urbisaglia. Fantastisk at slike byar framleis eksisterer og er så levande! Vi er innom slaktar og matvarebutikk. Ingen snakkar engelsk, men vi peikar og ein kjem langt med peiking, per favore, scusi og grazie. Vi korkar det til med storinnhandlinga. Vi skulle voge og prisa alt av frukt og grønt før kassen. No må vi springa forbi køen bak oss og gjera det. “Scusi scusi scusi” så er det gjort og det er ingen sure miner. Dei ler.
Det er underleg få turistar her i Marche. Marche er vakkert som Toscana og likevel vi føler oss som kuriositetar.

Vertinna, fru Giuliana, på L’Olmo di Casigliano møter oss varmt, men snakkar svært lite engelsk og vi snakkar ikkje italiensk. Vi forstår at gardshusa er frå 1920, dei driv økologisk og har ein liten vinproduksjon. Garden ligg nydeleg til i ope jordbrukslandskap. Åsar så langt auga kan sjå.

Leiligheten er fin. Taket har teglstein og flotte bjelkar. I kjøleskapet står heimelaga iste og på bordet er det bakst. Her er óg kjæledyr meir enn velkomne. Dei har eige Agility-område for hundar! Vi lagar god mat og går tur på kvelden. Ser hjort og er litt redde villsvin.





Villsvin og kunstig fjellvatn
Neste morgon er Gaute tidleg oppe, lærer seg å bruke Google translate og er raskt avgarde til næraste verkstad. AC’en blir fiksa. Glade og avkjølte kjører vi på svingete, smale vegar opp i fjellet til Lago Di Fiastra og blir fjetra over kor vakkert det er. Lago di Fiastra er et reservoar, elva Fiastrone vart demma opp her i 1955. Innsjøen ligg i Monti Sibillini nasjonalpark. Her er mange flotte tur-moglegheiter.
Vatnet er turkist, barbie-80-talls-turkis. På ein måte kjennest det litt som heime i Hardanger. Vi kan gå til sjøen, finne eit passande svaberg og legge oss ned. Vi badar åleine. 50 meter til neste badarar.
Det må badesko til for berget er porøst og skarpt nokre stader. Vatnet er kaldt. Faktisk så kaldt at vi må opp og varme oss med jamne mellomrom. Å fryse har vi ikkje gjort på lenge, set visst pris på det óg no.
Det er mykje fisk i ulike storleikar. Fisken sym tilsynelatande uforstyrra forbi oss i stimar og er kjekk å følge med på.



På rasteplassen over oss er det ei vogn med streetfood, ikkje kva som helst. Il Solengo spesialiserer seg på villsvin! Det må vi prøve. Både pølser, burger og pulled villsvin var kjempegodt. Vi spurte den hyggelege eigaren kva han anbefalte, men han har stått her heile somrane i fleire år, og er lei alt. Ærleg type. Vi vart no ikkje lei. Vi har det så deilig her at vi reiser attende neste dag, et lunsj, soler oss og badar. Dette er alt vi har lyst til!






Vi tek farvel med Fru Giuliana og får med oss eigenprodusert honning på vegen. Veldig koselig!
No er det Firenze neste, der skal vi bu på olivenolje- og vingard i Fiesole og feire 18-årsdag!

