Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Litt meir AC-trøbbel, men det ordna seg. Nok om det. Vi har vore på mange verkstader no, alle er like greie og vi får god hjelp alle stader. Kan skrive noko om Autostradaen i staden. På Autostradaen er det som i fleire land vi har vore i, at ein betaler for lengden ein kjører. Tar billett i det ein kjører på og betaler når ein kjører av. Betaler med kort. Veldig greitt. Har tidlegare kome med nokre tips til kjøring på Autobahn. Det er mykje det same, slepp forbi på venstre sida og følg godt med. I Italia er dei flinke å bruke varsellys når det er brå senking av farten. Varsellysa slår seg på som perler på ei snor framføre oss og Gaute får tid til å trykke på bremsen. Elles slepp vi forbi flest Ferrariar i nord, naturleg nok. Ikkje så langt til Ferrari-hovudstaden Modena.

Men altså så langt nord er vi jo ikkje kome i denne beretninga.

Vi kjører frå Cessapalombo i Marche med fjellvatn og ro til Firenze, og Fiesole, der vi skal bu. Også her har vi bestilt på agriturismo.net.

Turen er i nydeleg landskap. Vi åh’ar og peikar i alle retningar. Meir solsikker! Åsar, borger, slott, ASSISI! – igjen dette med AC og lita tid. Vi fyrer avgarde mot Firenze.

Vi kjem fram til garden Poggiopiano ganske tidleg på dagen. Gaute ber inn olivenolja – vi er i fyrste etasje. Ingen trapper og vi får kjøre bilen nesten til døra.

Døra går forresten inn i ein oliven- og vinkjellar frå 1650. Her har vi eit rom, med fire senger, bitteliten kjøkkenkrok og bad. Så tjukke veggar at vi ikkje har skikkeleg dekning på telefonen. Vi skal bu her i 3 døgn. Familien som driv her er svært hjelpsame og hyggelege, tipsar om mekanikar og følger opp.

Etter ein tur på butikken bestiller vi vinsmaking og ost og skinkefat på garden. Vi får ein liten introduksjon til både vin og lokale spesialitetar. Ungane har hoppa i bassenget. Den eine er forresten ikkje unge lenger heller. I morgon er ho 18 år.

Vinane er alle gode, maten òg. Dette er vinar som går langsamt ned, nyte-vin. I desse omgivnadene vil vi ikkje forhaste oss!

Fest i Firenze

Planen for 18-årsdagen er ei rekke bruktbutikkar, spise det vi får lyst på og drink på Loggia Roof Bar i solnedgangen. Der har vi reservert i god tid på førehand. Drinkane er gode og terrassen frå 1500(!)-talet er nydeleg. Høgdepunktet i “smake på alt mulig” er pasta med trøffel på Trattoria Angiolino. Beste bruktbutikken er Humana Vintage. Dit går vi innom begge dagene vi er nede i byen.

Vi kjenner på trykket av folk i Firenze. Det er intenst. Turistar overalt. Det er vanskeleg å ta innover seg alt det vakre rundt oss i mylderet av posering, peiking og folk som småstressar.

Vi har lause planar om galleri Uffizi og statua av David “første bursdagsdag”, men lause planar heldt ikkje. Billettar må kjøpast på førehand, minst ei veke skal ein vera sikra. Uansett ser vi mykje flott og ein heil del råflott. Her er det storslått – og dyrt i butikkane.

Vi tek fyrst bussen til og frå byen, men turen frå stoppet opp til garden er for tung i varmen. Vi kjører difor bilen inn til byen dag to og finn parkering. Det kosta ca 20 euro for 6 timar. Ikkje gale. Trafikken er heller ikkje ille.

Handling i Lucca

Så er vi på veg att, no mot Frankrike. Vi ser at vi kan rekke innom det skeive tårnet i Pisa! Så kikkar vi på kartet og ser Lucca! Den dyktige fotografen Elisabeth Emmerhoff har tidlegare delt gylne augneblikk derfrå på Instagram, dit vil vi!

Så blir det to tette stopp i starten av ruta og litt langkjøring til sist, men det greier vi. Vi har roa i bilen.

I Lucca finn vi parkering i utkanten, og går inn i smale gater. Lucca er ein av dei best bevarte mellomalder-byane i Italia. Her er det mange fine og, for oss, meir aktuelle butikkar. Ingen Rolex og Gucci, men ein av butikkane har vi òg sett i Firenze. Minsten ønska seg ei morosam t-skjorte der. Skjorta finn vi no i same type butikk til nesten halve prisen! Så då vart det ny t-skjorte på begge ungane.

Vi kjøper oss lunsj på daglegvaren og et på kirketrappa. Her er det godt med folk, men roleg tempo. Ein ung trio speler jazz på torget. Så går vi litt i butikkar. I ein butikk finn vi flotte skjerebrett i olja oliventre. Dei må vi ha! Dette blir fine gåvepakkar.

Attende i bilen har Gaute kjøpt seg granita (italiensk slush-is) og får stadig “hjernefrys”. Så har vi eit tips der òg; hald deg unna slush’en medan du kjører bil.

Pisa

I Pisa parkerer vi ved parken. Byen er mindre enn vi såg føre oss, mengdene med folk ser vi eigentleg ikkje før vi er ved tårnet.

På vegen går vi forbi ein søt og svært enkel bruktbutikk, med det prangande navnet Antiques Vintage Luxury. Eit nydeleg italiensk skinnbelte med raude steinar og ein luger pistol med hylse (nøkkelring) frå rundt 1970 blir med oss vidare. Ekte skattar!

Ved tårnet har heten slått inn. Det er fuktig, varmt og masse folk. Vi tek nokre bilete og undrar oss over at vi alle hadde sett føre oss eit brunt/terracotta tårn – men det skeive tårnet i Pisa er laga av skinande marmor!

Parkering i Italia

Parkering i Italia er faktisk ikkje så vanskeleg. Lettaste er å leite etter blå parkeringslinjer. Der kan du parkere mot betaling. Dei fleste stadene kan ein bruke appen EasyPark – som vi òg bruker heime. Lett å ha oversikt og tilpasse tida. I Pisa var det til og med gratis å parkere, men ein registrerte seg på appen. Vi hadde ikkje vanskar med å finne parkering nokon stader, men det var ikkje flust av plasser. Vi såg eit tips på nett om å legge ein lapp i vindauget der ein skreiv EasyPark for å vise at ein betalte der.

Kvite parkeringslinjer er oftast for fastbuande med løyve. Av og til er dei gratis. Sjekk korleis det er der du er, google eller oversett skilta. Gule linjer er for menneske med nedsett funksjonsevne. Rosa er for gravide eller familiar med baby.

Italienarane sjølve parkerer ganske vilt; på midtrabatten og på kryss og tvers på fortauet. Ville likevel ikkje teke sjansen. I tillegg til parkeringsplassane er det mange parkeringsgarasjar óg – for dei som ikkje har takboks.

You will not leave Italy for free

Vegen ut av Italia er motorveg og mot franskegrensa er det stadig oftare bomstasjonar. Vanlegvis kostar dei 1-2 euro, men no auker det kraftig på. Siste kilometerane må vi ut med tilsaman 70 euro, det kom som ei overrasking.

“Over eit fjell
Gjennom ein tunnel
Over ei bru, ja der bur du
Håper du veit kor heldig du e
Du bur på Vestlandet”

– Vilde og Anna MGP jr 2016

Eller i Alpane som dei seier i Frankrike 🇫🇷

Frankrike: Dijon i Dijon, hagen til Norah, feitameita Metz og Lorraine American Memorial.🇫🇷