Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Så vakna vi, det hadde berre vore ein draum.
Neidå.
Brått er det laurdag på ferjekaien i Jondal og vi er heime i Norge. Eller brått. Vi kjem frå hundekos og kubb-speling i Åmli. Har ete fredagstaco og Grandiosa. Heilt sjokka kan vi vel ikkje vere. No er vi i tillegg nett komne frå svipptur-middag hjå mor og far på hytta.

Har vi vore borte i 5 veker?
Vore i Bamberg, bada i grenseelva Sava? Sett ein mann flykta frå brennande bil på den Serbiske grensa og har vi redda ei skilpadde?
Har vi virkelig henta 200 liter olivenolje?!
Sett Olympus, Delfi, Akropolis, Sparta, Korinth og det skeive tårnet i Pisa?
Har vi bada i fjellvatn i Marche, feira 18 årsdag i Firenze (Har det gått 18 år?!) og har vi shoppa i Metz?
Verkeleg? Uverkeleg.
Pajeroen står i tunet. Eit par nye skrap på bakskjermen etter parkering ved lågt gjerde i Sparta og eit halvhjarta forsøk på klistremerke-samling er det som vitnar om turen. 3 av 10 land på ruta.
Kassane med olivenolja er borne inn, den siste runden. Vi kom heim til kjærleik i form av heimebakte croissantar og brød, syltetøy og eplejus frå omtenksame vener. Brødet vart dyppa i olivenolje til frukost.

Sjela heng litt etter. Det har vore tett med opplevingar og inntrykk. Vi er glade for å ha skrive reisebrev, vil hugsa så mykje som mogleg frå dette eventyret.
Olivenolja blir ein god påminnar i månadene som kjem. Så, det er berre å koma i gong. Litt knoting på datamaskinen ein sundag, og vipps (pun intended):
Nettbutikken er open!
Vi har få av dei eksklusive oljene på glassflasker og meir av literboksar. Early Harvest olivenolje på litersboks er eit kupp! Alle olivenoljene vi har kjøpt inn er extra virgin av premium kvalitet. Dei har lågt syreinnhald og høgt polyfenolinnhald. Proppa av næringsstoff og nydelege på smak. Vi har får påfyll frå Edia når det trengst, då kjem det i posten.
Vi startar umiddelbart opp med gratis levering i Bergen og etter avtale i Hardanger. Bur du andre stader kostar det 99 kr med Posten – og det er gratis frakt om du bestiller over 1000 kr.
Du kan trykka deg inn på nettbutikken via bilete og sjekke ut olivenoljene våre!
No har vi kjørt saman heilt til Kreta for å kjøpe olivenolje – og heim att.
Takk for følget, kjære lesar!
Vil du ta turen ein gong til kan du starte her:


