Olivenolje-sommelier, attende til Edia, ellevilt sal og gode nyheter!

Vi har «things to do, people to see» på Kreta, det er stas. Omlag eitt år etter vi la ut på det store olje-eventyret. Vi har vore hjå Papadakis og no er det olivenolje-sommelier og Edia som står for tur!

Reisebrev (2) , Kreta, juni, 2026:

«EG ÆLSKAR DEG – eg.. ælskar.. deg. EG ÆLSKAR DEG – EG ÆLSKar deg. EG ÆLSKAR DEG – EG ÆLSKAR DEG!»

Det var noko forvirrande då eg og ungane høyrte Gaute og ein eldre gresk mann erklære kjærleik til kvarandre på brei bergensdialekt ute i sjøen ved stranda i Chania. Vi skjønte etter litt at det var språkutveksling. Like etter kom den eldre mannen bort og spurte meg «What is love in your language?» – «kjær-leik» svara eg og den eldre mannen ropte «kjær-leik!» høgt om att og om att før han stoppa, kom bort og sa han hadde gløymt det. Eg måtte seia det ein gong til, slik fortsette han. «Kjærleik! Kjærleik! Kjærleik!». Forvirringa spreidde seg til resten av strandgjestene. Bystranda er koselig og passe befolka. Usikker på kvaliteten på vatnet, men mange grekarar bader her. Det tek vi som eit godt teikn. Kretarane er glade i å bade, det er tradisjon for å telle antal bad i løpet av sommaren og å vera tidleg i gang med badesesongen. Bading gir god helse. Vi er einige, men har mykje å gjera så det blir berre korte strandbesøk. Vi har avtale med oliven-sommelier og må pakke oss i bilen.

Åtvaring: Mykje olivenfakta – men dette burde alle som brukar olivenolje vite!

I koselege Rethymnon finn vi Dijana på Create – som det viser seg at vi kjenner frå før! Ho dreiv eit fiskespa i Georgioupoulis der vi reiste ein del då borna var mindre. Morosamt gjensyn – då vi endeleg klokka ho inn. No har ho og mannen fordjupa seg i olivenolje, han som produsent og ho som sommelier og kurshaldar. Ho fekk nett ei utmerking på Cretan Olive Oil Competition for nybrottsarbeid innan turisme.

Dijana engasjerer seg for kvalitet, bevaring av dei eldre olivensortane, for småskala produksjon og for at Kreta si olivenolje skal anerkjennast både lokalt og internasjonalt. Kreta sin olivenolje produksjon kunne vore opp mot 85% extra virgin olivenolje – olivenolje med syrenivå under 0,8% og utan defektar, kvalitetsolje. I dag er det berre 30% som kjem på flasker. Det meste av olivenolja blir sett på tank og selt til Italia. Italienarane treng berre 30% eiga olje for å selge den som italiensk. Dijana fortel at kultivering av oliventre og pressing av olje starta her på Kreta for iallfall 3500 år sidan. Minoarane var opptekne av olivenolje, det kan ein sjå på «salsloggar» ein har grave fram og på oliventre måla på veggene i Knossosruinane. Olja var ikkje berre næring og hudpleie, det var også brukt som levande lys – ein kopp med olivenolje med veke brenn lenge. Romarane kom, såg og spreidde oliventrea til resten av Sør-Europa.

Vi får smake fire flotte olivenoljer, tre ulike olivensortar. Koroneiki, Tsounati og Hontrolia. Vi får dei servert på nokre heilt spesielle glas med lokk. Glasa er farga blå for at vi ikkje skal sjå fargen på olivenolja. Den kan villeia sansane, fargen har faktisk ikkje noko å seia!

Dijana forklarer at olivenolje er fruktjus, den skal vera fersk og frisk. Extra virgin olivenolje har haldbarheit på 1,5 år. Det er mange faktorar som spelar inn på produksjonen av kvalitetsolje. Det krev hardt arbeid og ein dose lidenskap. Trea skal ha det godt, vêret skal spela på lag og så er det sjølve innhaustinga. Ein svært intens periode for dei dedikerte produsentane. Det skal haustast skånsamt for å ikkje skade tre og oliven, olivenane skal kvalitetssjekkast og sorterast før dei, gjerne på kjølebil, blir frakta til mølla som har det rette utstyret for kvalitetspressing. Pressing skal helst skje innan få timar etter innhausting for å forhindre oksidering og ta vare på næringsinnhaldet. Den nypressa olja blir testa kvar dag for at ikkje ulike kvalitetar skal blandast. Det er viktig å få fram alt arbeidet som ligg bak god olivenolje og forstå at prisen då ikkje kan vera som dei billegaste i butikken. Dijana fortel at det er mykje svindel med olivenolje. Dette har ein jo også avdekka i Noreg. Difor er det viktig å ha analyser av olivenolja. Dette er noko Edia alltid sender med olivenoljene sine. Oppbevaring er også viktig. 10-25 grader og lystette flasker. Mørkt og måla glass, gir optimal beskyttelse.

Dagsavisen skreiv om olivenolje-svindel i 2024.

Etter seminar om kvalitet og produksjon får vi lukte og smake. Olivenoljene er ulike både i lukt, smak og konsistens. Olivenolja av den eldgamle kretiske sorten hontrolia er tjuktflytande. Ulik fruktighet, bitterhet og skarphet/pungency. Den fyrste vi smakar er så skarp at vi hoster, men seinare til mat er det kraftige pepperet mildt. Dijana har laga til flotte rettar som vi får prøve med dei ulike olivenoljene. Nyskapande gresk salat, ostekuler med pistasjenøtter og peppermynte, kretisk dakos og sjokolademousse med olivenolje. Heilt nydeleg! Både inspirerande og flotte småmåltid – og olivenoljer. Dette er imponerande produsentar med lidenskap for miljø og kvalitet. Vi noterer oss namna, kjøper eit par flasker og er glade for opplevinga. Kurset anbefalast anten du har mykje eller lite kunnskap om olivenolje. Dette er eit flott kulturmøte!

Attende til Edia, godt nytt!

Vi køyrer mot Kolimbari på morgonen. Det er rart å vera her igjen og på jobb. Vi kjenner eit snev av daglegliv på Kreta, vi skal hit og dit og kjenner vegen. Tonia og Ioannis er nett attende frå Expo i Belgia. Trøtte, men glade. Spennade å vera med bransjekollegaer og få fronte flotte varer frå Kreta. Evi har passa butikken. Vi har med oss Alde-sider som gåver. Nyleg kåra til verdas beste internasjonale siderprodusent. Vi fortel om sidereventyret i Noreg, og kjem så inn på det elleville salet vi opplever nett no i nettbutikken.

Denne morgonen la vi ut påfyllet vi mottok dagen før vi reiste. Etter eit par timar er fleire olivenoljer allereie rivne bort og attende er fleire skuffa kundar som håpa å sikre seg sine. Vi får heldigvis inn ein leveranse til snart, det som skulle vera den siste frå Edia før neste innhausting. Tonia og Ioannis ser utfordringa med å skaffe nok olivenolje til ivrige nordmenn og vi legg ein god plan for å ha meir, og kanskje nok, olivenolje neste år.

Vi får også smake deira økologiske extra virgin olivenolje. Den ikkje er early harvest, men har likevel eit polyfenolinnhald på omlag 500 mg/kg. Vi får testa det vi lærte hjå Dijana, lukta og smaka – kjempegod! Vi bestemmer oss for å ta inn denne også. Dette vil vera ei rimlegare økologisk olivenolje som er super til å steike og bake med, eit nytt literboks-kupp – og som sjølvsagt også er flott til topping. Med denne bestillinga håpar vi også å få med litt til av flaskene våre – eit siste-siste påfyll. Så to leveranser til. Ein til i juni og ein i juli.

Praten går lett og brått har det gått fleire timar, vi må attende. Svare på mail og meldingar – og lade opp. Ein heil dag på stranda før vi skal fly heim og «bu» på lageret nokre dagar, pakke og sende ut ordrar.

Tusen takk for tilliten – og følget!