Verdensbeste.no er ei side drive Gaute og Lila, av matglede og eit ønske om å gjera meir av det vi liker og synest er gøy. Det er også ei online oppskriftsbok der vi har samla gode oppskrifter. Våre eigne, familie og veners. Det skal vi fortsette med, men vi skal også sjå om verdensbeste kan vera eit butikklokale. Vi kjørte til Kreta heile familien sommaren 2025, og kjøpte prisvinnande olivenolje. Høgkvalitets EVOO med høgt polyfenolinnhald og lågt syrenivå.
Frå slutten av juni 2025 kunne de difor følge oss på reisa då vi kjørte frå Bergen til Kreta for å kjøpe prisbelønna olivenolje frå Edia i Kolymvari. Vi skreiv reisebrev med skildringar og gode tips til biltur i Europa.
Vi elsker å oppdage nye smakar og er takknemlege for alle som er med på å utvide verda vår! Besto og Besten, Borghild, Grillmester Sulen, Jønni, Inge, Mr. Adolfito, Marion, Eline, MissMorocco, Yimin og ikkje minst Drinkmaster André. Vi håpar på mange innspel frå de som bruker sida vår også! Verdens Beste Folk!
Sida blir oppdatert med nye innlegg etterkvart som vi oppdager deilig mat, kaker og drikke! Vi har også nokre veldig gode lavkarbo oppskrifter.
Kom gjerne med tips om restaurantar å besøke, oppskrift å teste, den beste drinken i Bergen by, eller i ein annan by… alt som er gøy!
Alt er sjølvsagt verdens beste – heilt subjektivt!
Verdensbeste.no
Storesåta 9,
5258 Blomsterdalen
Org.nr: 934885759

