Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Det lukter syden og vi høyrer grashopper i det vi har kjøpt vignetten (vegavgifta) og kjører inn i Marchtrenk, ein liten by nord i Østerrike. Marchtrenk ligg litt utanfor Wels og baud på meir enn vi trudde.

Oppturen starta då vi kom til hotellet. Vi budde på familierom Hotel Gasthof Fischer. Det var så flott! Senga var så mjuk at den kjentest som ein klem, badet romsleg og det var stilig og reint. Vi har kjørt hardt budsjett på overnatting, viktig at det er gode omtaler og rimleg. Ingen høge forventningar og det gjer det jo endå kjekkare når vi kjem fram til noko så flott.

Vi vart vekka av kyrkjeklokker kl 07. Ganske koseleg med fellesvekking. Vi skulle uansett tidleg opp for å rekke frukosten og vegen.

Til frukost var det dekka med kvite dukar, rikeleg med all slags mat. I Østerrike er mattradisjonen forbunde med både Tyskland, Italia og Balkan. Vi koste oss!

Handla med oss litt mat og drikke til å ha i bilen. I tilfelle kø på motorvegen er det viktig at det alltid er noko tilgjengeleg.

På veg ut av byen oppdaga vi noko rart. Midt i rundkjøringa stod ein gigantisk Weber-grill. Likeved den ein Weber butikk, the original store. Er vi i fødebyen til Weber grillen?! Nei, den er visst i USA, men dette må vera som Hard Rock café for grillelskarar. Her er det grillakademi og 1000m2 butikk som sel grillar, kol, kjøtt, sausar, glas, grillforkle+++ Det var like før Gaute droppa olivenolja og resten av turen, tok grillkurs, kjøpte med ny grill, grillsaus og vendte nordover. Kanskje greit at den er langt heimefrå, denne nye favorittbutikken.

Østerrike er som vi tenkte Tyskland kom til å vera, veldig ordentleg. Vi såg alpane og sang ei halv strofe Edelweiss ved synet. Vakkert!

Vegane er i betre stand i Østerrike, likevel er det ei slags dunking som av ujevnt underlag når vi legg avgarde mot Slovenia og Kroatia..

Reisebrev frå Slovenia 🇸🇮 og Kroatia 🇭🇷