Dei fleste veit at olivenolje er sunt. Olivenolje er rik på einumetta feitt, har vitamin E og polyfenolar. Det er først når du ser på polyfenolinnhaldet at du forstår kvifor nokre olivenoljer er i ei heilt anna klasse enn andre.
Hjå verdensbeste.no sel vi høgpolyfenol extra virgin olivenolje frå produsenten Edia på Kreta. Dei spesialiserer seg på polyfenolrike premium olivenoljer og driv utan bruk av sprøytemiddel. Fleire oljer er sertifisert økologiske. Dette året har Edia dokumenterte polyfenolverdiar på mellom på 762 og 1227 mg/kg (2025) – langt langt over det som er vanleg i butikkolje.
Men så lurer du gjerne på:
Kva er eigentleg polyfenol? Kva betyr syrenivået? Kva er den «kløen» i halsen? Og ikkje minst, korleis kan du bruke polyfenolrik olivenolje?
Kva er polyfenol i olivenolje – kort forklart
Polyfenoler er naturlege plantestoff som finst i oliven og mange fruktar og grønsaker.
I olivenolje bidrar dei til smakskarakteren, fargen og den pepperaktige avslutninga du kjenner. Polyfenol er antioksidantar – dei vernar cellene i kroppen mot oksidativt stress og betennelse.
I olivenolje er det desse stoffa som gir den pepra og litt bitre smaken. Den spicy kløen i halsen.
– Jo meir det klør i halsen når du svelgjer olivenolje, jo meir polyfenol inneheld ho.
Kvifor er polyfenol så viktig i olivenolje?
I moderne industriolje er mykje av polyfenolinnhaldet borte. Det skjer fordi olivenene blir hausta for seint, ligg lenge før pressing og at olja gjerne blir behandla med varme. Resultatet er ei mild, men næringsfattig olje.
Våre olivenoljer frå Edia på Kreta blir dyrka med tanke på høgt polyfenolinnhald og å unngå oksidering av frukta. Olivenene blir hausta tidleg i september/oktober og pressa innan 4-8 timar, kaldpressa utan varme.
Dette bevarer polyfenolinnhaldet – gjer olivenolja ekstra næringsrik og gir ein fyldig, autentisk og kompleks smak.
Lågt syrenivå – teikn på kvalitet
Syrenivået i olivenolje viser kor skånsamt olja er laga – og kor ferske og friske olivenene var då dei vart pressa.
Olivenoljene våre har syrenivå på berre 0,2–0,3 %, det betyr at olivenene var sunne og uskadde då dei vart pressa og at dei vart pressa kort tid etter hausting. Nedbrytinga frå oksidering vart stogga raskt.
Dei fleste butikkoljer kan ha syrenivå på opptil 0,8 % og likevel kallast extra virgin.
Våre ligg godt under dette – det kjenneteiknar olivenolje i særklasse.
Kor mykje polyfenol treng du for helseeffekt?
EU har definert eit offisielt helsekriterium:
Olivenolja må innehalde minst 250 mg polyfenol per kilo olje.
Dette gir rett til EU sin helsepåstand:
«Polyfenol i olivenolje bidreg til å verne blodlipider mot oksidativt stress.»
Dei fleste olivenoljer på daglegvarebutikken ligg på 50–200 mg/kg. Det er diverre avdekka mykje svindel.
(DinSide, Dagbladet, 2024)
Våre olivenoljer har eit polyfenolinnhald på 762–1227 mg/kg.
Det betyr at dei inneheld 3 til 5 gongar meir polyfenol enn det som krevst for EU Health Claim. Olivenolje som dette er superfood.
Høypolyfenol olivenolje – forskning og EU-godkjent helseeffekt
Kvifor klør høgpolyfenol olivenolje i halsen?
Mange trur noko er gale når ei olivenolje prikkar i halsen, men kløen er faktisk eit kvalitetsstempel!
Det er polyfenol som irriterer nervane i svelget som gir hosterefleks og skaper den “pepra” kjensla i halsen.
Jo sterkare det kjennast, jo meir polyfenol.
Dette merkest når ein tek den bar. Over mat er det knapt merkbart. Då kjenner du berre den fyldige smaken av greske oliven.
Korleis kan du bruke høgpolyfenol olivenolje?
For å få mest mogleg effekt av polyfenolene bør høgpolyfenol olivenolje ikkje varmast, men det vil ikkje sei at den ikkje kan varmast.
Ha olivenolja rå
- Over salat
- På godt brød, eller ha i skål med ei klype salt og ev kvitløk og urter til å dyppe brødet i. Ein favoritt for mange.
- Drisla olja over grønsaker og fisk før servering
- Pensle ferdigstekt biff med god olivenolje og urter
- Hell litt over suppa eller over pizzastykket
- Ha olivenolje over god pasta. Ekstratips: Dette er som ein ekstra grønnsak , ein super-grønnsak, og om du har kresne born skjulast den lett over spaghettien under tomatsausen!
- Som kosttilskot 1-2 ss kvar dag
Varmer du olivenolja, minskar polyfenola. Mange vel likevel å bruke høgpolyfenol olivenolje fordi den tåler varme betre og næringsinnhaldet du sit att med uansett vil vera høgare. Her kan du sjå ein video om dette – trykk «fortsett i nettleser» oppe til høgre på linken om du ikkje har Instagram.
Olivenolje bør oppbevarast i romtemperatur, 11-25 grader, borte frå direkte sollys og i lystette behaldarar – ev i eit skåp.
Sjå våre høgpolyfenol olivenoljer frå Kreta
Vi til heile landet med Posten. Gratis frakt på ordre over 1000 kr.
Vi leverer gratis i Bergen og etter avtale i Jondal og på Aga.
Følg oss gjerne på Instagram.

