Midlertidig utsolgt: Number Three Master Blend Olivenolje, 0,5 L

(1 omtale)

kr 450,00 inkl. mva

Unik olivenolje frå Kreta, laga av tre sortar oliven. 0,5 L, glasflaske. Les meir om olivenolja og vårt tilbod om gratis frakt under.

Utsolgt

Produktnummer: 04 Kategori:

Beskrivelse

Vi håpar å få inn meir av denne desember/januar..

Førsteklasses extra virgin olivenolje produsert av Edia i Kolymvari på Kreta. Tre ulike olivensortar (Koroneiki, Tsounati og villoliven) blir hausta tidleg, mellom 15. og 30. oktober, 450 meter over havet.

Denne olivenolja er kaldpressa. Rik på polyfenoler, om lag 800 mg/kg, og har eit syreinnhald på 0,3 %. Den særprega karakteren og den spesielle miksen gjer dette til eit unikt produkt i avgrensa opplag.

Den djupt grøne fargen, rike aromaen og den sterke , men likevel avrunda smaken, gjer ho perfekt til salatar, pasta, brød og fisk.

Olivenolja bør brukast romtemperert for å få mest mogleg av helsefordelene. Desse extra virgin olivenoljene med høgt innhald av polyfenoler kan hjelpe hjerne-, hjarte- og tarmhelse, i tillegg til å vera antiinflamatoriske. Les meir HER.

Denne olivenolja er ei spesiell gåve – til deg sjølv eller nokon du vil vel.

Best før, men kjempegod etter 30/10/26.

Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under
Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.

Pris er inkludert moms.

LEVERING:

Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta olja heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka!

Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.

Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!

Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no

Oppbevaring:

Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.

Kjøpsbetingelser

1 omtale for Midlertidig utsolgt: Number Three Master Blend Olivenolje, 0,5 L

  1. Gry Folkvord (bekreftet eier)

    Oppriktig imponert av denne olivenolja!
    Elegant og minimalistisk flaske med mørkt glass – som signaliserer kvalitet og beskytter mot lys. Nydeleg på lukt og smak, er hyppig brukt til brød og topping på salat heime hos oss. Varmt anbefalt!

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *