Forhåndsbestill: Biodynamic Early Harvest, 0,5 L – polyfenoler: 1227 mg/kg!

kr 450,00 inkl. mva

Kraftfull biodynamisk Early Harvest frå tsounati-oliven – ekstremt polyfenolrik (1227 mg/kg), låg syre og frisk smak.

141 på lager

Beskrivelse

Kjem på lager mellom 5.-10. desember! Vi sender til heile landet og kjører gratis ut i Bergen så snart vi har dei i hende.

Biodynamisk Early Harvest olivenolje

Polyfenolinnhald: 1227 mg/kg
Syrenivå: 0,34 %
Sort: Tsounati
Hausta i september/oktober 2025 og pressa berre 4 timar etter plukking.

Denne eksklusive olivenolja er laga av tsounati-oliven dyrka etter biodynamiske prinsipp. Biodynamisk landbruk handlar om å byggje ei levande og balansert jord, og om å følgje naturens rytmar gjennom året. Slik får olivenane eit naturleg høgt innhald av polyfenolar og ein kraftfull smak.

Resultatet er aromatisk Early Harvest-olje med friskheit, kraftig pepper-intensitet og eit høgt innhald av helsebringande antioksidantar.

Perfekt til salat, finishing-olje over varme rettar som pasta, kylling, lam, fisk eller til å dyppe brød i. For helseeffekt kan ein også ta den bar, 1-2 ss.

Olivenolja bør brukast romtemperert for å få mest mogleg av helsefordelene. Desse olivenoljene med høgt innhald av polyfenoler kan hjelpe hjerne-, hjarte- og tarmhelse, i tillegg til å vera antiinflamatoriske. Les meir HER.

Dette er olivenolje av fantastisk kvalitet til ein svært god pris!

Best før, men kjempegod etter 30/10/2027.

Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under
Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.

Pris er inkludert moms.

Levering:

Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta den fyrste runden med olivenolje heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka! Kvalitet i kvart ledd.

Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.

Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!

Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no

Oppbevaring:

Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.

Kjøpsbetingelser

Tilleggsinformasjon

Vekt 1,2 kg

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Forhåndsbestill: Biodynamic Early Harvest, 0,5 L – polyfenoler: 1227 mg/kg!»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *