Tsounati Early Harvest, 0,5 L – ekstremt høgt polyfenolinnhald: 1227 mg/kg!

(1 omtale)

kr 450,00 inkl. mva

Høypolyfenol ekstra virgin olivenolje av Tsounati – 0,5 L glassflaske

Denne høgpolyfenol olivenolja er ein early harvest extra virgin olivenolje laga av den sjeldne gamle sorten Tsounati, med eit ekstremt høgt polyfenolinnhald på 1227 mg/kg. Det gir ein uvanleg fyldig, rik og kompleks smak med godt kick i ganen. Olivenolja har EU Health Claim.

 

120 på lager

Beskrivelse

Tsounati Early Harvest olivenolje

Polyfenolinnhald 2025: 1227 mg/kg

Syrenivå: 0,34 %

Sort: Tsounati

Tsounati Early Harvest er svært rik på smak. Fyldig, frisk smak av grønt, hint av nøtter og med markant og kraftfull pepper.

Dette er ei ekstra virgin olivenolje med ekstremt høgt innhald av polyfenol, laga av den meir sjeldne greske olivensorten Tsounati og hausta svært tidleg, 6. og 7. oktober 2025, og pressa berre 4 timar etter plukking.

Med dokumentert polyfenolinnhald på 1227 mg/kg, er dette ei av dei mest konsentrerte høgpolyfenol-olivenoljene som er tilgjengelege i Noreg.

Perfekt til salat, finishing-olje over varme rettar som pasta, kylling, lam, fisk eller til å dyppe brød i. Eit par dråpar av denne løfter måltidet!For helseeffekt kan ein også ta den bar, 1-2 ss. Helseolje som smakar godt!

Olivenolja bør brukast romtemperert for å få mest mogleg av helsefordelene. Desse olivenoljene med høgt innhald av polyfenoler kan hjelpe hjerne-, hjarte- og tarmhelse, i tillegg til å vera antiinflamatoriske. Les meir HER.

Dette er olivenolje av fantastisk kvalitet til ein svært god pris.

Best før, men kjempegod etter 02/05/27.

Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under
Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.

Pris er inkludert moms.

Levering:

Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta den fyrste runden med olivenolje heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka! Kvalitet i kvart ledd.

Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.

Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!

Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no

Oppbevaring:

Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.

OBS! På vinteren kan olivenolja bli kald under frakt. Det går ikkje utover næringsinnhaldet, men den kan bli fast i formen. Dette løyser seg når den oppnår romtemperatur att.

Kjøpsbetingelser

Tilleggsinformasjon

Vekt 1,2 kg

1 omtale for Tsounati Early Harvest, 0,5 L – ekstremt høgt polyfenolinnhald: 1227 mg/kg!

  1. Åse GRØNSNES

    Ai – for ei heftig olje; sterk, frisk og syrleg!
    Ny favoritt 💛
    (Og flaska er også flott!)

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *