Beskrivelse
Svært rik på polyfenoler: 926 mg/kg
Syreinnhald: 0,3 %.
Her kan du lesa om polyfenoler og syrenivå.
Førsteklasses extra virgin olivenolje av tre ulike typar oliven produsert av Edia i Kolymvari på Kreta.
Tre ulike olivensortar, Koroneiki, Tsounati og villoliven er hausta tidleg, mellom 15. og 20. oktober 2025, 450 meter over havet.
Den særprega karakteren og den spesielle miksen gjer dette til eit unikt produkt i avgrensa opplag. I haust (2025) var Tsounati olivenen svært polyfenolrik og det viser att i innhaldet.
Den djupt grøne fargen, rike aromaen, bitterheten og den sterke, men likevel smøraktige smaken, gjer olivenolja perfekt til salatar, pasta, brød og fisk. Ein kan også ta den bar, 1-2 ss, som ein del av eit sunt kosthald.
Olivenolja bør brukast romtemperert for å bevare smak og kvalitet. Desse olivenoljene har dokumentert høgt innhald av polyfenoler, målt ved analyse etter hausting.
Polyfenoler er naturlege antioksidantar som gir olivenolja den karakteristiske pepperaktige smaken.
[Les meir om polyfenoler i olivenolje →]
Denne olivenolja er ei spesiell gåve – til deg sjølv eller nokon du vil vel.
Best før, men kjempegod etter 01/05/27.
Pris er inkludert moms.
LEVERING:
Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta den fyrste runden med olivenolje heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka!
Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.
Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!
Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no
Oppbevaring:
Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.
OBS! På vinteren kan olivenolja bli kald under frakt. Det går ikkje utover kvaliteten, men den kan bli fast i formen. Dette løyser seg når den oppnår romtemperatur att.









Gry Folkvord (bekreftet eier) –
Oppriktig imponert av denne olivenolja!
Elegant og minimalistisk flaske med mørkt glass – som signaliserer kvalitet og beskytter mot lys. Nydeleg på lukt og smak, er hyppig brukt til brød og topping på salat heime hos oss. Varmt anbefalt!
Sofie –
Helt nydelig olivenolje! Brukes daglig her hjemme både over mat, smoothie og med en skje rett som den er! Og ikke minst for en fantastisk service med leveranse på døren. Anbefales <3