Edia Organic Premium olivenolje, 0,5 L. Polyfenoler – 504 mg/kg
kr 450,00 inkl. mva
På lager att november 2026!🎉
Høypolyfenol Premium olivenolje frå Kreta – 0,5 L, glasflaske.
Denne høgpolyfenol olivenolja er ei økologisk extra virgin olivenolje med eit polyfenolinnhald på 504 mg/kg. Den har ein frisk, balansert og fyldig smak og eit naturleg rikt innhald av antioksidantar, og passar perfekt til både salat, grønsaker og rå bruk.
Produsenten, Edia, spesialiserer seg på olivenoljer med ultrahøgt polyfenolinnhald. Sjå det flotte utvalet vårt HER.
Utsolgt
Beskrivelse
Polyfenolinnhald: 504 mg/kg
Syrenivå: 0,2 %.
Oliven: Koroneiki
Her kan du lesa om polyfenoler og syrenivå.
Prisvinnande, økologisk extra virgin olivenolje av premium kvalitet som blir produsert av Edia i Kolymvari på Kreta. Dei grøne olivane blir hausta svært tidleg, mellom 4. og 15. oktober 2025.
Premium vann 2026 3. plass av alle olivenoljene som var vurderte i Athens Fine Food Awards.
Pressing skjer innan fire timar etter innhausting, noko som gjer denne olivenolja rik på polyfenol, omega3- og omega6-feittsyrer. Premium er superfruktig med ei tydeleg pepperaktig avslutning. Smaken gir assosiasjonar til ei blanding av gresk og italiensk olivenolje.
God til all matlaging og perfekt til salat, finishing-olje over varme rettar som pasta, kylling, lam, fisk eller til å dyppe brød i. Ein kan også ta den bar, 1-2 ss, som ein del av eit sunt kosthald.
Olivenolja bør brukast romtemperert for å bevare smak og kvalitet. Desse olivenoljene har dokumentert høgt innhald av polyfenoler, målt ved analyse etter hausting.
Polyfenoler er naturlege antioksidantar som gir olivenolja den karakteristiske pepperaktige smaken.
[Les meir om polyfenoler i olivenolje →]
Kvar einaste dråpe av Premium Edia olivenolje står for dedikasjon til berekraftig økologisk jordbruk og eksepsjonell produksjonskvalitet.
Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.
Best før, men kjempegod etter 01/05/27
Pris er inkludert moms.
Levering:
Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta den fyrste runden med olivenolje heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka! Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen etter avtale.
Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!
Vi sender også med Posten i heile Norge frå 99 kr, gratis frakt over 1500 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no
Oppbevaring:
Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.
OBS! På vinteren kan olivenolja bli kald under frakt. Det går ikkje utover kvaliteten, men den kan bli fast i formen. Dette løyser seg når den oppnår romtemperatur att.
Tilleggsinformasjon
| Vekt | 1,2 kg |
|---|---|
| Volum | 500 ml |












Astrid G –
Premium har rund og fin smak og er mi frukostfavorittolje for tida – saman med grovt glutenfritt brød og flaksalt.
Jørgen –
Den beste olivenoljen jeg har smakt. Anbefales!
Egil Lien Førdedal –
Super!
Denne var virkelig en olivenolje etter min smak. Det blir nok min favoritt i framtida. Rund og fin i smaken, og med et polyfenol innhold som passer for me. Den kan brukes til alt. Synd den ikke kommer i salg igjen før desember/januar, men det er en annen sak.