Beskrivelse
Polyfenolinnhald 2025: 874 mg/kg
Syrenivå: 0,3%
Denne eksklusive olivenolja er laga av koroneiki-oliven dyrka etter biodynamiske prinsipp. Biodynamisk landbruk handlar om å byggje ei levande og balansert jord, og om å følgje naturens rytmar gjennom året. Olivenolja er rik på polyfenolar og har ein gyllen grøn farge. Smaken er mild og fruktig, med eit fint spicy preg og ein litt tørr, bitter ettersmak.
Perfekt til salat, finishing-olje over varme rettar som pasta, kylling, lam, fisk eller til å dyppe brød i. For helseeffekt kan ein også ta den bar, 1-2 ss dagleg.
Olivenolja bør brukast romtemperert for å få mest mogleg av helsefordelene. Desse olivenoljene med høgt innhald av polyfenoler kan hjelpe hjerne-, hjarte- og tarmhelse, i tillegg til å vera antiinflamatoriske. Les meir HER.
Dette er eit unikt produkt av godt organisert økologisk landbruk. Kvar dråpe Edia olivenolje representerer Edia sitt engasjement for bærekraftig økologisk landbruk og utmerka produksjonskvalitet.
Best før, men kjempegod etter 30/10/2027
Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under
Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.
Pris er inkludert moms.
Levering:
Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta den fyrste runden med olivenolje heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka!
Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.
Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!
Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no
Oppbevaring:
Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.
OBS! På vinteren kan olivenolja bli kald under frakt. Det går ikkje utover næringsinnhaldet, men den kan bli fast i formen. Dette løyser seg når den oppnår romtemperatur att.








Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.