Midlertidig utsolgt: Økologisk Premium olivenolje, 0,5 L

kr 450,00 inkl. mva

Premium olivenolje frå Kreta, 0,5 L, glasflaske. Les meir om olivenolja og vårt tilbod om gratis frakt under.

Utsolgt

Produktnummer: 03 Kategori:

Beskrivelse

Vi håpar å få inn meir av denne i desember/januar.

Prisvinnande, økologisk extra virgin olivenolje av premium kvalitet som blir produsert av Edia i Kolymvari på Kreta. Dei grøne olivane blir hausta svært tidleg, mellom 4. og 15. oktober.

Pressing skjer innan fire timar etter innhausting, noko som gjer denne olivenolja rik på polyfenol, omega3- og omega6-feittsyrer. Syrenivået er 0,2 %. Olja har ein unik aroma med ein sterk og spicy smak ved reint inntak. Polyfenolinnhaldet er 870 mg/kg.

Perfekt til salat, pasta, over kokte grønsaker, fisk eller å dyppe brød i.
Olivenolja bør brukast romtemperert for å få mest mogleg av helsefordelene. Desse extra virgin olivenoljene med høgt innhald av polyfenoler kan hjelpe hjerne-, hjarte- og tarmhelse, i tillegg til å vera antiinflamatoriske. Les meir HER.

Kvar einaste dråpe av Premium Edia olivenolje står for dedikasjon til berekraftig økologisk jordbruk og eksepsjonell produksjonskvalitet.

Best før, men kjempegod etter 01/01/27

Produktet er sertifisert med et «Healthclaim» under
Lov 432/2012 som tilpassar gresk lovverk med EU-lover.

Pris er inkludert moms.

LEVERING:

Vi har ikkje berre reist til produsenten og frakta olja heile vegen frå Kreta og heim, vi leverer også gratis på døra i Bergen ein gong i veka!

Det er òg mogleg å hente i Blomsterdalen eller i Jondal/på Aga etter avtale. Sjekk ut via handlekorga og kryss av på gratis levering i kassen etter du har lagt inn adresse om du har avtale om henting i Hardanger/Blomsterdalen eller vil ha olivenolje levert i Bergen. Dette alternativet kjem diverre ikkje opp i vipps hurtigkasse.

Skulle du brått ha betalt frakt og skal hente/få levert, refunderer vi frakta til deg. Null stress!

Vi sender også med Posten i heile Norge for 99 kr, gratis frakt over 1000 kr.
Ved spørsmål ang bestilling eller levering ring 47960442 eller send mail til kontakt@verdensbeste.no.

Oppbevaring:

Olivenolja vi sel er på flasker/boks som tåler godt å stå på kjøkkenbenken, men sett den ikkje i direkte sollys med tanke på både ev lysgjennomtrenging og varme. Den beste måten å oppbevare extra virgin olivenolje, er mørkt med ein temperatur på mellom 10 og 25 grader.

Kjøpsbetingelser

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Midlertidig utsolgt: Økologisk Premium olivenolje, 0,5 L»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *