Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

På vegen til Kreta skulle vi hatt endå meir tid i Serbia og Nord-Makedonia. Vi håpar på godt sal av olivenolja og at det blir ny tur. Neste gong skal isåfall olivenolja hentast i Thessaloniki og vi kjører både ned og opp desse landa. Det ser vi fram til!

Vi kjørte frå Kroatia mot den serbiske byen Niš for å eta ekte balkansk grillmat og sjå Skull Tower, det som er att av hodeskalletårnet reist etter serbisk heltemot på starten av 1800-talet. Noko av det fyrste vi såg då vi kom over grensa, var ein bil i full fyr med ein mann flyktande med veske i handa. Dette er andre ulukka vi ser på vegen. I Tyskland passerte vi eit nesten ukjenneleg bilvrak. Det er ikkje mykje som skal til når det er nærast fri fartsgrense. Det var vanskeleg å ta innover seg det dramatiske som utspela seg og i neste augneblink kjørte vi forbi den fyrste av mange nærast endelause solsikke-åkerar. I sirlige tette rekker stod dei og strålte om kapp med sola. “Oi solsikker!” var overgangen frå uro og fortviling til begeistra beundring. Det kom latter frå baksetet for at det gjekk an å hoppe så blasert frå det eine til det andre. Alt skjer så fort. Inntrykkene er mange. Vi angrar litt på at vi reiser så hastig gjennom, skulle hatt endå ei veke.

Solsikkene minner oss på filmen “Sort Katt Hvit katt”, ikkje så rart ettersom regissøren, Emir Kusturica, er nettopp her frå Serbia. Filmen anbefalast!

På bensinstasjonen i Serbia kom dei springande for å hjelpe med påfylling og vindusrutevask. Det har vi ikkje opplevd før. Rutevask er nødvendig fordi det er vanvittig mykje knerta insekt på ruta etter berre kort tid på motorvegen. Grillen på bilen ser ikkje ut!

I Niš viste gradestokken 41 grader, så vi kjørte vidare. Håpa det var litt betre lenger sør. Vi stoppa i UNESCO musikkbyen Vranje. Vi bomkjørte til to restaurantar vi hadde funne tilrådde på Google, begge var lagt ned. Så vi kjørte til eit slags senter ved innfarten til byen, også her musikk på speakerar på parkeringsplassen. Der var det mellom anna leikebutikk, Lidl og ein kafé. Vi bestilte drikke og forhøyrte oss om restaurant. Det var så koseleg! Ungdomane som arbeidde på kaféen ønska så veldig å hjelpe oss og hjalp kvarandre med engelsken. Dei fekk til slutt anbefalt restaurant Royal Putnik. Den beste i byen! Vi såg på klokka at vi diverre ikkje hadde tid og endte med handletur på Lidl. Det er ikkje verst det heller. Børek og all slags filodeig med fyll er himmelsk, topp det med oliven, fylte paprika og solmodne moreller så er det komplett. Ein serbisk dinar er 0,10 kr. Det er billeg å handle i Serbia – når du sjekkar kontoen! I motsetning til i Danmark.

Middag i bilen. Denne med sopp var ein favoritt!

I Serbia er det bomstasjonar der ein betaler vegavgift. Vi har ikkje teke ut dinar, betaler med euro. Det kostar 1 til 2 euro i slengen. Myntane som var til toalettbesøk langs motorvegen i Tyskland og Østerrike, er no bompeng.

Ved grensa her utanfor EU køyrer ein fyrst gjennom ein stasjon der ein viser pass til politi frå landet du forlater, så kjører ein 50 meter i ingenmannsland før ein viser pass til politi i landet ein skal inn i. Tollarane følger nøye med. Vi var heldige, det var lite kø. I ferietida kan det ta laaang tid her og det er sett opp kamera slik at ein kan ha oversikt over grensetrafikken på nett.

Vi kom til Nord-Makedonia i kveldinga og fekk kjøre gjennom landet i solnedgang. Passa fint til det flotte flagget deira som både var målt og vaia fleire stader. Vegen var slitt, med plutselege groper og dumpar, fartsgrensa høg. Her må ein vera på vakt.

Landskapet endra seg fort. Vi fekk verkeleg kjensla av at vi nærma oss middelhavsområdet.

Nord-Makedonia.

Frå den tette løvskogen i Tyskland såg vi no stadig meir hardføre buskar, tre og kratt. Det Nord-Makedonske landskapet såg fyrst litt ut som Italia, ikkje berre landskapet, men òg alle vingardane. Etterkvart kjente vi godt att det greske. Vi fekk så vidt stoppa, sett beina på bakken og teke ein familieselfie før vi var ved grensa til Hellas.

Καλώς ήρθες στην Ελλάδα- Velkomen til Hellas!

Reisebrev frå Hellas part 1