Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.

Då vi tok av frå Østerrike var planen streetfood i Maribor, landsbyidyll i Kroatia og litt ko-ko-looking hotell på grensa til Bosnia og Serbia. Hotellet var vi ganske spente på. Men varme, nasjonaldag og biltrøbbel gjorde at dagen vart litt annleis enn vi hadde tenkt.

Vi kjørte av motorvegen like før grensa til Slovenia på jakt etter bensinstasjon og kryssa dermed grensa på “baksida”. Her var det slitne taxfreebutikkar, sjabre nattklubbar og bordell. Prostitusjon er ulovleg i Østerrike, men lovleg i Slovenia. Vi kjøpte vignette (vegavgift) på taxfree’en og kjørte attende på motorvegen. I Slovenia er det grønt. Husa er for det meste slitne, men med mange fine fargar. Ein sterk peach, rosa og gul gjekk att. Streetfood i Maribor vart det ikkje noko av, det var nasjonaldag og ALT var stengt. Det hadde vi gløymt å sjekke! Det var gratis å parkere då, på nasjonaldagen.

Hetebølga gav saftige 37 grader og vi innsåg fort at byvandring utan utsikt til å sette seg ned var uaktuelt. Vi hoppa i bilen til neste stopp. Samobor, ein fin liten landsby utanfor Zagreb. Den mest kroatiske av kroatiske byar vert det sagt, så håpar vi å oppleve Slovenia og maten der ei anna gong.

Slovenia er det einaste landet i verda som har kjærleik i navnet sitt.

🩷S-LOVE-NIA🩷

Det rista godt i bilen medan vi kjørte, etterkvart vart det tydeleg at det ikkje var underlaget. Vi hadde eit problem. Det var kast i eine bakdekket, det var i ubalanse, og vi måtte koma oss til næraste verkstad. Vi svingte inn på landsbygda og fann ein verkstad. Dei hadde ikkje dekk og ikkje noko særleg hjelpetrang. Heldigvis har Pajeroen eit fullverdig stephjul. Vi hadde med det vi trengte av verktøy og Gaute kunne skifta på parkeringa med god hjelp frå ungdomen vår. Det var sveitt arbeid i heten.

I Kroatia kjøper ein ikkje vignette, men trekk billett i det ein kjører på motorvegen og betaler for det som er kjørt når ein kjører av. Lurt å ha cash til dette, men dei tek også kort.

Vi fann parkering like ved torget i Samobor, det var lite turistar og mange ledige plasser. Termometeret i bilen viste no 38 grader og vi fann ut at det luraste var å sette seg inn ein stad og eta. Torget var kransa av vakre barokkhus, på sjølve torget stod det tett med parasollar og bord. Kaféane serverte spesialiteten kremšnita. Ei skikkelig kremkake. Det vart for heavy i varmen. Vi gjekk for brus, vatn, pizza og gyros. Liten runde med kikking og så på med AC i bilen. Frå baksetet høyrer vi “Bergen er et paradis! Der er det ikke varmt!”. Det er i meste laget, men vi venner oss nok fort til det.

Vi hadde booka familierom på Hotel Garten i Slavonski Brod. Heilt på grensa til Serbia og Bosnia. Eit hotell som på bileta såg ut som ei Playmo-borg og alle interiørbileta var teke med ei heftig fish-eye linse. Vi kom fram til hotellet på kvelden. Inntrykket er at det er eit bygg som har utvikla seg over fleire år. Snikra med kreativitet og leikenhet, vintønner som inspirasjon. Det var tings og tangs over alt og alt var kanskje ikkje like godt planlagt – men det var jo ganske gøy. Vi opplevde vertane som reserverte og kanskje litt avmålte då vi kom. Gaute og ungane gjekk ein kveldstur. Hotellet låg i eit nabolag og det var bosstøming dagen etter. Overalt var det sett ut blå og gule spann. Hundar av alle storleikar vokta portane godt. 16 hundar talte dei i gata!

Det er gøy å sjå på husa, folk bygger som dei vil. Alle ulike stilar, mykje pompøst og mykje gøy. Som dei som hadde laga fotballar utanfor.

Bileta til venstre er henta frå Hotels.com.

Vi vakna tidleg, fekk ein enkel, men grei frukost. Gaute skrytte av blomane og vertinna var brått eit stort smil og synst det var stas at vi var frå Norge. For 25 år sidan hadde dei hatt norske gjester dei hadde hatt det så kjekt med, vi måtte koma attende, spesialpris på neste besøk!

Vi pakka bilen og reiste på stranda, langt frå kysten. Ved grenseelva Sava som deler Bosnia og Kroatia er det ei fin strand som heiter Poloj. Då vi kom spelte ein barndomsfavoritt, “Stop” av Sam Brown, over anlegget. Anlegget var av type speakerar som var fordelt langs stranda. Ikkje påtrengande lydnivå, berre fint. Ved stranda var det lagt til rette for grilling og leiking, sett opp nokre “spiral-telt” ein kunne byta i og utedusj. Praktisk, enkelt og alt for alle!

Vatnet var deilig, det var nokre få andre badande og det svømte – og hoppa- stor aure berre ein meter frå oss. Artig!

I Slavonski Brod er det også utendørs badeland, der har vi lova å gå om det blir ein neste gong – for her kjem vi gjerne att!

Reisebrev frå Serbia 🇷🇸 og Nord-Makedonia 🇲🇰