Sprudlande Papadakis, byen Chania og info om påfyll🎉🙌🏼
Reisebrev 1 frå Kreta juni 2026:
Endeleg reiser vi attende til Kreta. Byferie i Chania, eit fyrste møte med familien Papadakis og eit varmt gjensyn i Tsoutsouros.
Vi fekk etterlengta leveranse frå Edia dagen før avreise. Phiuh! Pakka ut og knytte lappar på flaske etter flaske med verdensbeste olivenolje – venninne stilte som ekstra lagermedarbeider. Vi reiste heldigvis med ettermiddagsfly. Gjekk til flyplassen for fyrste gong – det vi alltid sa vi skulle.
På flyet nedover kunne vi tydeleg sjå for oss landskapa vi flaug over. Det var fantastisk å køyra, men tida strekk ikkje til med butikk å drive. Å gå av flyet, kjenne den milde nattelufta og lukta av kretiske urter er eit høgdepunkt. I Chania kom vi fram til fordums og notids storhet på nyleg renoverte Halepa Hotel, bygga i 1885 og tidlegare engelsk ambassade.

Byliv på Kreta er nytt konsept for oss, men med strand i nærleiken fann vi ut av det. Chania sin historie er fascinerande og synleg. Chania er tufta på den minoiske byen Kydonia, 3650 f.kr. Ruinene er ein naturleg del av den summande byen. Her har ulike stormakter krangla om herredøme. Den venetianske havna vitnar om venetiansk styre, gode økonomiske tider og artisteri i 400 år, før osmanarane etter tre månedars krigføring klarte å ta over havna. Då kom den flotte moskeen opp. Dei venetianske husa vart tilpassa den nye tida. Palasset vart omgjort til strategiske kommandopostar. Kreta vart etter 200 år med osmansk styre eigen stat med hjelp frå europeiske stormakter. For så å bli massivt bomba av nazityskland under 2. verdskrig. All denne historien er synleg rundt oss. I dag er det turisme som pregar byen, men motstand og aktivisme er alltid sterkt tilstades i ferieidyllen på Kreta. “Greece arms, Israel kills”, “The State kills immigrants at sea” bryt opp på veggane mellom restaurantar og souvenirbutikkar.
Etter eit par dagar med byvandring leiger vi bil via hotellet og reiser sør-austover.
Kreta i bløminga. Det er grønt, gult, rosa og lilla over alt.

Fyrste stopp i Spili. Parkerer på same stad som sist – trafikken her er mildt sagt uryddig så her parkerer vi greitt fyrste og beste plass i utkanten. Vi skal kjøpe meir kjøkkenredskaper i oliventre til heimen, eta lunsj og drikke frappé. Så skundar vi oss vidare. Vi skal møte Papadakis-familien. Denne våren har vi fått inn to av dei fantastiske balsamico glaze’ane deira, snart også ein tredje – klassisk balsamic glaze.
Papadakis-garden
I utkanten av ein bitteliten landsby møter vi Katerina og Giannis med vesle Galatia på armen mellom vinrankane. Vi får ei omvising. Lærer mykje nytt og ler masse. Det er god kjemi med ein gong. Vi har lik humor og mykje engasjement.
Familien til Giannis har drive druegard sidan 1923, det var bestefar til Giannis som starta opp for over 100 år sidan. Fyrst produksjon av rosiner, no også økologisk balsamico glaze med spanande smakar. Vinteren har vore god for bøndene på Kreta. Mykje regn. Papadakis sine vinrankar ligg luftig til, nesten 400 moh mellom to fjell. Eit godt design for vatning. Dei ser fram til innhaustinga, det ser svært lovande ut. Gamle rankar byttast ut felt for felt med nye, som kanskje skal haustast av Galatia når ho blir stor!
Å drive bærekraftig og økologisk er det naturlege om ein skal få dei beste produkta, fortel dei. Faktisk er dei eit ynda mål for folk som uinvitert snik til seg både vinblader, druer og sneglar. Her veit kretarane at det er fritt for sprøytemiddel og dei stoppar på vegen til helgeutflukter i vakre Tsoutsouros.
Til Tsoutsouros skal vi og. Vi skal eta middag på Minoa Sea og gje ei lita gåve. I fjor fekk eg god gresk rettleiing og dei lot meg knote på gresk så mykje som eg evna – så i år tok eg med Anette Moi sitt fine kjøkkenhåndklede med grønnsaker med norske navn på. Så kan vi jo ta norsken neste sommar?
I Tsoutsouros møter vi att servitøren Katerina. Alltid smilande, alltid dei beste klemmane! Georgina er hektisk oppteken med stell av romma, men rekk ein runde med klemmar ho også. Hotellet er fullt og det har vore i drift heile året for fyrste gong. Dei har fått to nye sjefskokkar, maten var nydeleg i fjor og uovertruffen i år. Minoa Sea har hatt utenlandske gjester på hotellet heile vinteren og laga fest kvar lørdag med live musikk, kretisk mat og valfartande grekarar.
Vi kjører over fjella og til Chania i solnedgangen. Det har vore mange timar i bil, men det likar vi jo – og det er så mykje vakkert!
Påfyll
Olivenoljene blir lagt ut for salg i morgon 4/6/26. Den fyrste av to bestilte batchar frå Edia. Dei siste flaskene før ny pressing til hausten. Siste batch er i Bergen om 1-2 veker, om du ikkje får sikre deg di i denne pulja. Vi sender ut nyhetsbrev når alt er klart, begrensa antal.
Vi innser at vi må skaffe meir olivenolje. Vi ønsker å støtte bønder med ein visjon om bærekraft. Småskala produksjon av høg kvalitet. Vi skal besøke olivenolje sommelier Dijana og smake på olivenoljer frå ulike olivensortar – og få kurs i historie og produksjon. Det skal vi fortelle om i neste reisebrev!❤️












